2. Mosebok 33 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren segjer til folket at dei skal fara lenger, men sjølv vil han ikkje fara med dei; folket syrgjer og tek av seg høgtidsskrudet, 1-6. Moses set upp eit tjeld utanfor lægret; Herren talar med han i skystopulen, 7-11. Moses bed Herren ganga med dei, syna han kva han vil gjera med Israel, og lata han sjå herlegdomen hans; Herren lovar Moses det, 12-23.

1Sidan sa Herren til Moses: Tak ut herifrå, både du og det folket du hev ført upp frå Egyptarland, og far åt det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gjeva det,

10Og heile folket såg skystopulen som stod i døri i møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman og la seg på kne kvar i døri til si tjeldbu.

11Og Herren tala med Moses, andlet mot andlet, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men fylgjesveinen hans, Josva Nunsson, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.

15Moses svara: Gjeng ikkje di åsyn med, so lat oss ikkje fara herifrå!

16Korleis kann eg då vita at du hev godvilje for meg og folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag på jordi?

17Då sa Herren til Moses: Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg hev fenge godvilje for deg og kjenner deg vel.

18Moses sa: So lat meg få sjå herlegdomen din!Joh 1,14

19Og han svara: Eg skal lata all min godleik fara fram midt for andletet ditt og ropa ut Herrens namn med det same eg fer framum deg; for eg vil vera nådig mot den som eg er nådig imot, og miskunna den som eg miskunnar.2 Mos 34,5-7; Rom 9,15

20Og han sa: Du kann ikkje få sjå andletet mitt; for inkje menneske som ser meg, kann leva.Dom 13,22

21Sidan sa Herren: Sjå her innmed meg på berget er eit rom; der kann du standa,

22og når herlegdomen min fer framum, skal eg setja deg i denne bergskori og halda handi mi yver deg til dess eg hev kome framum.

23Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andletet mitt fær ingen sjå.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help