1Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.2 Sam 15,23.28; 16,2; 17,16
2Gud! Du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjel tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmakt utan vatn.Sal 42,3-4; 84,3
3Soleis hev eg skoda deg i heilagdomen - eg såg di makt og din herlegdom.Sal 27,4
4For di miskunn er betre enn livet; mine lippor prisar deg.Sal 69,17
5Soleis vil eg lova deg so lenge eg lever; i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.Sal 104,33
6Som av merg og feitt skal mi sjel verta mett, og med jublande lippor skal min munn prisa deg.
7Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevaktene.
8For du hev vore hjelp for meg, og i skuggen av dine venger ropar eg høgt av fagnad.Sal 61,5
9Mi sjel heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.Sal 18,36; Jes 41,10
10Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.4 Mos 16,31-33; Sal 55,16
11Dei skal verta yvergjevne til sverdmakt, verta til ran for revar.
12Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved han, skal prisa seg sæl, for ljugarane skal verta målbundne.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.