Jesaja 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten forkynner at det skal koma ei svær øydeleggjing yver jordi for di menneski hev vanhelga henne med sin utruskap mot Herren; ho skal råma alle utan skilnad, gjera ende på all gleda og berre leiva nokre få menneske, som då skal prisa Herrens herlegdom, 1-15. Profeten høyrer i åndi lovsongane åt dei som er berga, men lyt like vel klaga for di han ser den øydeleggjingi som skal ganga fyre frelsa, 16-20. På den tidi skal Herren straffa dei vonde maktene i høgdi og på jordi og halda dei i varetekt til domsdagen; då skal hans herlegdom vera større enn all annan herlegdom, 21-23.

1Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne; han brigder hennar skapnad og spreider dei som bur på henne.

16Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsongar: Æra vere den Rettferdige! Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja, ransmenner ranar og herjar.

17Gru og grav og garn yver deg, du som bur på jordi!

18Og det skal ganga so at den som flyr for det gruelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i garnet; for himmelslusone er opna, og grunnvollane åt jordi skjelv.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help