Job 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elifas held fram: Den som harmast yver trengsla si, er ein dåre og stuper seg sjølv i ulukka; eit syndigt menneske kann ikkje sleppa trengsla, 1-7. Job burde setja si von til den allmektige Gud, som gjer meinrådene åt dei ugudlege til inkjes og frelser dei som er trælka, 8-16. Når Gud refser han, burde han jamvel sjå ei velgjerning i det; då vilde nok Gud fria han ut or trengsla og velsigna han rikleg, 17-27.

1Rop berre du! Finst det nokon som svarar deg? Og kven av dei heilage vil du venda deg til?

2For harm slær dåren i hel, og vreide drep den fåvituge.

3Eg såg ein dåre røta seg, men brått laut eg banna hans bustad.

9han som gjer uransakelege storverk, so mange under at dei kann 'kje teljast,Job 9,10

10som sender regn utyver jordi, let vatnet strøyma yver mark og eng,Job 36,27; Sal 65,10-14

11som lyfter småfolk upp i høgdi og hjelper syrgjande til frelsa,Luk 1,52; Sal 113,7-8

12som spiller rådene dei kloke legg, so deira hender ikkje fær gjort verk som varer,Jes 8,10; Neh 4,15

13som fangar vise folk i deira klokskap og gjer det so at sløge råder vert forhasta;1 Kor 3,19

14um dagen støyter dei på myrker, og trivlar midt på dag som var det natt.

15Slik frelser han den fatige frå sverdet, frå deira munn og handi åt den sterke,

16so det vert von for vesalmannen, og vondskapen let munnen att.Sal 107,42

17Ja, sælt er det menneske som Gud refser, og tukt frå den Allmektige må du ikkje vanvyrda!Ordt 3,11-12; Hebr 12,5-11; Op 3,19

18For han sårar, og han fetlar; han slær og hans hender lækjer.5 Mos 32,39; 1 Sam 2,6; Hos 6,1

19I seks trengslor skal han berga deg, og i den sjuande kjem inkje vondt innåt deg.Ordt 24,16; Sal 91,3-16

20I hungersnaud friar han deg frå dauden og i krig frå det herjande sverdet.Sal 33,19; 37,19

21For tungesvipa skal du vera gøymd, og ikkje tarv du ottast øydingi.

22Øyding og hunger skal du læ åt, og villdyri på jordi tarv du ikkje ottast;

23for steinane på marki hev du samband med, og villdyri i heidi held fred med deg.Esek 34,25; Hos 2,18

24Du fær sjå at ditt tjeld stend trygt, og skodar du din eigedom, saknar du ingen ting.

25Du får sjå at ætti di aukar, dine etterkomarar vert som urtene på jordi.

26I fullmogen alder skal du ganga i gravi, liksom kornband vert berga i rette tid.

27Sjå, dette hev me granska ut, og soleis er det. So høyr det då og merk deg det!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help