1Eg vil syngja um min ven, syngja songen åt min ven um hans vingard. Min ven hadde ein vingard på ein grøderik haug.
11Usæle dei som er tidleg uppe og hastar til sterk drykk og sit utetter natti eldraude av vin!
12Citar og harpa og trumma og fløyta og vin hev dei i drikkelagi sine; men Herrens verk ser dei ikkje, og det hans hender hev gjort, hev dei ikkje auga for.
18Usæle dei som dreg fram misgjerningi med lygnetog og syndi liksom med vognreip,
19dei som segjer: Lat han hasta og skunda seg med verket sitt, so me kann få sjå det! Lat Israels Heilage fullføra si rådgjerd, so me kann få kjenna henne!
27Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar eller søv; beltet um livet losnar ikkje, og ingi skoreim slitnar.
28Pilene åt fienden er kvasse, og bogane hans er alle spente; hovane på hestane er som flint, og vognhjuli hans likjest stormen.
29Buringi hans er som løveburing, han burar som ungløvone; grylande grip han sitt rov og ber det burt, og det er ingen som bergar.
30Det durar inn yver det på den dagen som når havet durar; og skodar ein på jordi, so er det myrker. Trengsla og ljos! Det vert myrkt på den skylagde himmelen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.