Ordtaka 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Agur, vismannen, vitnar til skam for dei ovmodige at han ikkje hev lært visdom eller hev nokon kunnskap um Gud og det som hans er, og viser til Guds reine ord, som ingen må leggja noko til, 1-6. Han bed Gud vara han frå fals, lygn, armod og rikdom, 7-9, åtvarar mot å baktala ein tenar for husbonden hans, 10, talar um fire grove synder, 11-14, og um fire ting som er umettande, 15.16, um vanvyrdnad for foreldre, 17, um fire uskynlege ting og skamløysa åt horkvinna, 18-20, um fire slag menneske som er utolelege i eit land, 21-23, um fire slag små, men kloke dyr, 24-28; tri slag dyr hev ei fager gonga, like eins ein sigerrik konge, 29-31; forsvarar ein syndi si, dreg ein på seg verre straff, 32.33.

1Ord av Agur Jakeson, framsegni hans. So sa mannen til Itiel, til Itiel og Ukkal:

2Eg er for fåvis til å heita menneske; det er ikkje manns vit i meg.

3Visdom hev eg ikkje lært, eg hev 'kje kunnskap um den Heilage.

4Kven for upp til himmelen, og ned att? Kven samla vinden inn i nevane? Kven batt vatnet i eit klædeplagg? Kven sette alle jordheims grensor? Kva heiter han, kva heiter son hans? Du veit det då.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help