Job 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elifas undrar seg på at Job, som vil gjelda for ein vis mann, kann tala ord som ikkje berre er tome og ofselege, men jamvel bryt ned all otte for Gud og vitnar um at han er gudlaus, 1-6. Job hev tala som han var det fyrste mennesket og hadde sete i Guds råd, som venene hans skyna mykje mindre enn han, endå ein av dei jamvel er mykje eldre enn han; i sitt ovmod hev han vist ifrå seg den trøysti frå Gud og dei spaklyndte fyretolone dei hadde vilja gjeve han, 7-11. Han hev ingen rett til å rasa slik mot Gud; for han er då ikkje noko menneske rettferdigt, ikkje ein engel di heller, 12-16. Elifas manar Job til å akta på den lærdomen han hev hausta av eigi røynsla og av dei klåre vitnemåli frå federne, 17-19. Den ugudlege vert pint heile sitt stutte liv av otte for ei usæl framtid, og han hev grunn til det, av di han hev sett seg upp mot Gud og gjeve seg burt i vellivnad og vinnesykja; rikdomen hans skal kverva og han sjølv brått verta burtriven ved Guds vreide; det skal snart syna seg kor forgjengeleg lukka hans er; fyrr den dagen kjem som fyrst var fastsett for han, skal han ganga til grunns, både han og alt som hans er, 20-35.

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Gjev vel ein vismann svar med kunnskap som er berre vind, og fyller han upp barmen sin med stormver?

17Eg vil kunngjera deg noko, høyr på meg! Det eg hev set, vil eg fortelja,

18det vismenn hev forkynt og ikkje dult, det som dei tok imot frå sine feder,

19dei som åleine hadde fenge landet og ingen framand hadde ferdast hjå.

20Ein gudlaus gjeng i otte all sin dag, og fåe år er gøymde for ein valdsmann.

31Han setje ikkje lit til fåfengd! Då narrar han seg sjølv, for berre fåfengd vert hans løn.

32Fyrr dagen hans er komen, vert det uppfyllt, og greini hans skal ikkje grønkast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help