1Herren ord kom til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, tala til landsmennene dine og seg til dei: Når eg let sverd koma yver eit land, og landslyden tek ein av sine eigne og set han til vaktmann åt seg,
3og han ser sverdet koma yver landet og blæs i luren og varar folket,
4men den som høyrer lurljomen, ikkje let seg vara, og sverdet kjem og tek han burt, då skal blodet hans koma på hans hovud;
5han høyrde lurljomen, men let seg ikkje vara, blodet hans skal kome yver han sjølv; men hadde han late seg vara, so hadde han berga livet.
6Men når vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av dei, då vert han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen.
7Du menneskeson! Til vaktmann hev eg sett deg åt Israels-lyden. Når du då høyrer eit ord frå min munn, so skal du vara dei åt frå meg.Esek 3,17
8Når eg segjer til den ugudlege: Du ugudlege, du skal døy - og du ikkje talar og varar den ugudlege for hans åtferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av di hand.
9Men hev du vara den ugudlege for åtferdi hans, at han måtte venda um frå henne, men han vender ikkje um frå si åtferd, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjel.
10Og du menneskeson, seg til Israels-lyden: De segjer so: Våre brot og våre synder tyngjer på oss, og for deira skuld visnar me reint burt; kor kann me då leva?
11Seg til dei: So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og lever. Vend um, vend um frå dykkar vonde vegar! Kvifor vil de døy, du Israels-lyd?Esek 18,23; Jes 55,7; Esek 18,30-31; Joel 2,12-13
12Og du menneskeson, seg til landsmennene dine: Rettferdig manns rettferd skal ikkje frelsa han den dagen han syndar, og ugudleg manns gudløysa skal ikkje fella han den dagen han vender um frå si gudløysa, og den rettferdige skal ikkje kunna leva ved si rettferd den dagen han syndar.Esek 3,20; 18,24.26-27
13Når eg segjer um den rettferdige: Han skal få leva, men han lit på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans rettferdige verk verta gløymde, og han skal døy for uretten som han hev gjort.
14Og når eg segjer til den ugudlege: Du lyt døy, og han vender um frå si synd og gjer rett og rettferd,
15so han den ugudlege, gjev pant attende, gjev lika for det han hev rana, held seg etter livsens bod, so han ikkje gjer urett, då skal han leva, han skal ikkje døy.3 Mos 5,23; Luk 19,8; Esek 18,28
16All syndene som han hev gjort skal vera gløymde; rett og rettferd hev han gjort, leva skal han.
17Og so segjer landsmennene dine: Herrens åtferd er ikkje rett! Men det er deira eigi åtferd som ikkje er rett.Esek 18,25-29
18Når den rettferdige vender um frå si rettferd og gjer urett, so lyt han døy,
19og når den ugudlege vender um frå si gudløyse og gjer rett og rettferd, so skal han få leva.
20Og endå segjer de: Herrens åtferd er ikkje rett. Eg vil døma dykk, du Israels-lyd, kvar og ein etter hans åtferd.
21I det tolvte året etter me var burtførde, den femte dagen i tiande månaden, kom det nokre rømingar frå Jerusalem til meg og sa: Byen er teken.Esek 24,26
22Men Herrens hand var komi yver meg um kvelden, fyrr rømingane kom, og han let upp munnen min, innan dei kom til meg um morgonen; munnen min vart upplaten, og eg var ikkje mållaus lenger.Esek 24,27
23Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
24Menneskeson! Dei som bur millom røysane der burte i Israelslandet, segjer so: Abraham var berre ein, og han fekk landet til eiga; me er mange, me hev fenge landet til eigedom.Jes 51,2; Mal 2,15
25Seg difor til dei: So segjer Herren, Israels Gud: De et kjøt med blodet i og lyfter augo dykkar til dei ufysne avgudane dykkar og renner ut blod - og de skulde få eiga landet?3 Mos 19,26
26De lit på sverdet dykkar, de fer med styggedom og skjemmer konone åt kvarandre - og de skulde få eiga landet?Esek 22,11; Jer 5,8
27So skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: So visst som eg lever, skal dei som bur millom røysane, falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt villdyri, og dei som held til i fjellborgene og i hellerane, skal døy av sott.Esek 6,12; 7,15
28Eg vil gjera landet audt og øyde, og det skal vera ute med ovmodet og makti hjå det, og fjelli i Israel skal liggja i øyda, so ingen ferdast der.
29Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjer landet audt og øyde for skuld alt det avstyggelege som dei hev gjort.
30Og du menneskeson, landsmennene dine talar seg imillom um deg frammed veggene og i husdørene, og alle segjer dei til kvarandre: Kom, lat oss høyra kva for eit ord det er som no gjeng ut frå Herren!
31So kjem dei til deg i store flokkar, og dei seg framfor deg og læst vera mitt folk og lyder på ordi dine, men dei gjer ikkje etter dei; for det som er etter deira smak, det gjer dei, og hjarta deira trår etter vinning.Jes 42,20; 53,1; Jak 1,22
32Og sjå, du er som eit elskhugskvede for dei, som ein songar med vent mål og fagert spel; dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter dei.
33Men når det kjem - og koma skal det - då skal dei sanna at ein profet hev vore millom dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.