1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf; ein song.
2Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.
3Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.
6Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra; dei søv sin svevn, og ingen av kjempone fann sine hender.2 Kong 19,35; Nah 3,18; Jer 51,39.57
7Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.
8Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?Nah 1,6
9Frå himmelen let du høyrast dom; jordi reddast og vart still,
10då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.
11For manne-harm lyt prisa deg; med endå større harm gyrder du deg.2 Mos 9,16; Rom 9,17
12Gjer lovnader og gjev Herren dykkar Gud det de hev lova! Alle som er ikring han, skal koma med gåvor til den Skræmelege.5 Mos 23,21
13Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongane på jordi.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.