Salmane 103 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David vil lova og takka Herren for alle velgjerningane han hev gjort mot han sjølv, 1-5, og for all den tilgjevande miskunn han viser mot alle som ottast han, med di han kjem i hug at dei er skrøpelege menneske, 6-18. Til slutt vender han seg til himmelherane og heile skapningen; saman med han skal dei lova Herren, heimsens allmektige styrar, 19-22.

1Av David. / Lova Herren, mi sjel, og alt som i meg er, love hans heilage hamn!

2Lova Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3Han som tilgjev all di skuld, som lækjer alle dine sjukdomar,

4han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn,

6Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er trælka.Sal 68,6; 99,4

7Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born.

8Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.2 Mos 34,6-7; Sal 86,5; 145,8-9

9Han trettar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide.Sal 30,6; Jes 57,16; Mi 7,18

10Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje det me er verde for våre misgjerningar.

11For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldig yver dei som ottast han.Sal 36,6; 57,11

12So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.

13Som ein far miskunnar borni sine, so miskunnar Herren dei som ottast han.

14For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust.1 Mos 2,7; Sal 90,3

15Eit menneske, som graset er hans dagar; som blomen på marki, soleis blømer han.Job 14,2; Sal 90,5-6; Jes 40,6-8

16Når vinden fer yver han, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av han.Job 7,10

17Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver dei som ottast han, og hans rettferd er mot barneborn,5 Mos 7,9.11; Klag 3,22; Luk 1,50

18mot dei som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner, so dei lever etter dei.Sal 25,10

19Herren hev reist sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting.Sal 11,4; 9,8

20Lova Herren, de hans englar, de veldige kjempor, som set hans ord i verk, med di de lyder røysti av hans ord!Sal 29,1-2

21Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje!

22Lova Herren, alle hans verk, på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjel!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help