Jakob 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Dei kjøtlege lystene valdar strid, hindrar bønhøyring og gjer oss til Guds fiendar, 1-4. Gud toler ikkje at me i ovmod byter hjarta vårt millom han og verdi, 5.6; difor skal me audmykja oss under Gud, halda oss nær til han og standa den vonde imot, 7-10. Me skal ikkje baktala og døma kvarandre, 11.12, men koma i hug at det i alle ting spørst um kva Gud vil, 13-17.
1Kvar kjem all ufreden ifrå, og kvar kjem all striden ifrå millom dykk? Er det ikkje av lystene dykkar, som strider i lemene dykkar?