1. Mosebok 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Abraham fær seks søner med Ketura; han gjev Isak alt det han eig, døyr og vert gravlagd. Gud velsignar Isak, 1-11. Ismael fer tolv søner; han døyr, 12-18. Rebekka fer Esau og Jakob; Herren segjer at den eldste av dei skal tena den yngste, 19-26. Esau sel odelsretten sin til Jakob for ein linsevelling, 27-34.

1Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.

2Med henne fekk han sønene Simran og Joksan og Medan og Midian og Jisbak og Suah.

26Og då broren hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei han Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamal.

27Og sveinane voks upp, og Esau vart ein glup veidemann og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar og heldt seg heime, attmed tjeldbui.

28Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.

29Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.

30Og Esau sa til Jakob: Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt! Difor kalla dei han Edom.

31Då sa Jakob: Sel meg fyrst odelen din!

32Esau svara: Du ser eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?

33Då sa Jakob: Gjer fyrst eiden på det! So gjorde Esau eiden på det og selde odelen sin til Jakob.Hebr 12,16

34Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt og drakk og reis upp og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help