Jesaja 31 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten ropar ve att yver folket for di det søkjer hjelp hjå egyptarane i staden for hjå Herren; både hjelparane og dei som dei skulde hjelpa, skal ganga til grunns, 1-3. Herren vil heimsøkja Jerusalem med ei trengsla som det ikkje skal kunna draga seg undan, men sidan verna og frelsa byen, 4.5. Men skal folket som hev falle so djupt, få lut i denne frelsa, lyt det venda um til Herren, 6. Når det soleis gjev upp all avgudsdyrking, skal Herren sjølv utan mannehjelp slå assyrarane og jaga dei burt, 7-9.
1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og lit på hestar og stolar på vogner for di dei er so mange, og på hestfolk for di dei er so mannsterke, men ikkje vender augo til Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
6Vend um til han som de er so djupt falne frå, de Israels-born!