1Til songmeisteren, til Nehilot; ein salme av David. /
2Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min tanke!
3Lyd til mitt naudrop, min konge og min Gud! For til deg bed eg.
4Herre, um morgonen høyre du mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar.Sal 88,14; Mi 7,7
5For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg.Sal 15,1-5; Jes 33,14-16
6Dei ovmodige fær ikkje stiga fram for dine augo; du hatar alle som gjer urett.
7Du let dei som talar lygn, ganga til grunns; den blodgjeruge og falske mann styggjest Herren ved.Sal 55,24; Apg 5,5.10
8Men eg gjeng ved di store miskunn inn i ditt hus, eg kastar meg på kne framfor ditt heilage tempel med otte for deg.
9Herre, leid meg ved di rettferd for mine motstandarar skuld, jamna din veg for mi åsyn!Sal 25,4-5; 27,11
10For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i dei er tyning; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål.Sal 62,5; Rom 3,13
11Døm dei skuldige, Gud! Lat dei falla for sine eigne meinråder, støyt dei ned for deira mange misgjerningar! For dei set seg upp mot deg.Sal 34,22
12Då skal dei gleda seg alle som flyr til deg; til æveleg tid skal dei fagna seg høgt, og du skal verna um dei; og dei som elskar ditt namn, skal frygda seg i deg.Sal 2,12
13For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar han med nåde som med ein skjold.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.