1. Kongebok 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ein gudsmann frå Juda spår imot altaret åt Jeroboam i Betel og mot offerhaug-prestane; handi åt Jeroboam visnar; men vert god att, 1-6. Gudsmannen vil ikkje eta hjå Jeroboam; men ein profet fær han til å eta hjå seg, endå Gud hev forbode han det, 7-19. Same profeten varslar at han skal lata livet for di han hev vore ulydig, og soleis gjeng det; profeten gravlegg han og ynskjer at han sjølv må få koma i gravi åt gudsmannen; Jeroboam held ved med gudløysa si, 20-34.

1Men best som Jeroboam stod innmed altaret og skulde brenna røykjelse, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel

2og ropa etter Herrens bod burt imot altaret: Altar! Altar! So segjer Herren: Ein son skal verta fødd åt Davids hus; Josias skal han heita; på deg skal han ofra offerhaug-prestane som, brenner røykjelse på deg; mannebein skal dei brenna på deg.

10So gjekk han burt att, men tok ei onnor leid og for ikkje heim att same vegen han var komen til Betel.

11I Betel budde det ein gamal profet, og son hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei hadde fortalt det til far sin,

12spurde han: Kva veg tok han? For sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.

13Då sa han til dei: Sala asnet for meg! Dei sala asnet, og han sette seg uppå

14og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under ei terebinta og sa til han: Er du den gudsmannen som er komen frå Juda? Han svara: Ja, det er eg.

15Då sa hin: Ver med meg heim og få deg litt mat!

16Men gudsmannen svara: Eg kann ikkje fylgja deg attende og stiga inn hjå deg; eg vil korkje eta eller drikka noko saman med deg på denne staden.

17For det var sagt meg i eit ord frå Herren: Du skal ikkje eta eller drikka noko der og ikkje fara heim att den vegen du kom.

18Då sa hin: Eg og er profet liksom du; og ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Hav han med deg heim, so han kann få seg mat og drikka. Men då han sa det, laug han for han.

19So vart gudsmannen med han heim og åt og drakk i huset hans.

20Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde havt hin med seg heim,

21og han ropa til han - til gudsmannen som var komen frå Juda -: So segjer Herren: Etter di du trassa Herrens ord og ikkje heldt deg etter det bodet som Herren din Gud hadde gjeve deg,

22men snudde um og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulde eta eller drikka noko, so skal liket ditt ikkje koma i gravi åt federne dine.

23Då han no hadde ete og drukke, sala hin asnet for han for profeten som han hadde havt med seg heim -

24og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løva imot han og drap han. Sidan låg liket hans og slog på vegen, og asnet stod der innmed, løva vart og standane innmed liket.

34Dette vart upphav til synd for Jeroboams hus og årsak til at det vart øydt og utrudt av jordi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help