Salmane 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David klagar for di tidi er full av vondskap og svik og ovmod, og bed Herren um hjelp mot alt dette, 2-5. Herren lovar han hjelp, og han segjer seg trygg på at Herren vil gjera som han hev sagt, 6-9.

1Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David. /

2Frels, Herre! For dei gudlege er burte, dei trufaste finst ikkje meir millom mannsborni.

3Lygn talar dei, kvar med sin næste, med smeikjande lippor; med tvihuga hjarta talar dei.

4Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,

5dei som segjer: Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?

6Etter di dei arme fer ille, og dei fatige sukkar, vil eg no reisa meg, segjer Herren; eg vil hjelpa dei til frelsa som stundar deretter.

7Herrens ord er reine ord, liksom sylv som er reinsa i ei deigla i jordi, sju gonger skirt.Sal 18,31; Ordt 30,5

8Du, Herre, vil vara dei, du vil verna dei mot denne ætti for all tid.

9Rundt um sviv dei ugudlege ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå mannsborni.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help