Jeremia 49 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias spår mot ammonitane at landet deira skal verta lagt i øyde av di dei hev lagt under seg noko av Israels land; rikdomen deira, som dei lit på, kann ikkje verna dei mot å verta spreidde til alle kantar. Men ein gong skal Herren reisa dei upp att, 1-6. Mot edomitane spår han at deira land og skal verta øydelagt; korkje visdomen deira eller dei utakande bustadene deira kann verna dei mot Herrens vreidedom, som ikkje hans eige folk di heller kann koma undan, 7-22. So spår han mot syrarane at ein stridsher skal setja støkk i byane deira, hogga ned ungdomen deira og leggja Damaskus i øyde, 23-27, mot Kedar og Hasor-riki at Nebukadnesar skal rana buskapane deira og øyda landet deira, 28-33, og mot elamitane at Herren skal tyna hermakti deira, spreida dei millom alle folkeslagi og rydja ut kongen og hovdingane deira; men i dei siste dagar vil Herren reisa dei upp att, 34-39.

1Um Ammons-borni. So segjer Herren: Eig Israel ingi born, eller hev han ingen erving? Kvi hev kongen deira teke Gad til eiga, og hans folk sett seg ned i byane der?

2Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg let herrop ljoma mot Rabba i Ammonslandet, og det skal verta til aude røysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og Israel skal taka sine eigarar til eiga, segjer Herren.

3Øya deg, Hesbon! For Ai er lagt i øyde. Ropa, de Rabba-døtter, sveip dykk i sekk, barma dykk og renn att og fram millom kviene! For kongen deira lyt fara i utlægd, hans prestar og hovdingar alle i hop.

4Kvi gildar du deg av dalane dine, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som lit på skattane dine og segjer: Kven kann gjera meg noko?

5Sjå, eg let fælske koma yver deg, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, frå alle dei som bur rundt ikring deg, og de skal verta drivne burt, kvar til din kant, og ingen skal samla i hop dei som flyr.

6Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-borni, segjer Herren.

13For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei skræma, til hæding, til ei audn og til ei forbanning, og alle byane som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.

14Ei tidend hev eg høyrt frå Herren, og ein bodberar er send ut millom folkeslagi. Samla dykk og far imot det, statt upp til strid!

20Høyr difor den rådgjerdi Herren hev teke mot Edom, og dei tankane han hev tenkt mot Teman-buane: Sanneleg, dei skal dragsa dei burt, dei små lambi; sanneleg, beitelandet deira skal taka fæla av dei.

21Av braket av deira fall bivrar jordi; omen av naudropet høyrer ein radt til Raudehavet.

22Sjå, lik ein ørn stig han upp og flyg fram og breider vengene ut yver Bosra, og Edom-kjempone vert den dagen til mods som ei kvinna i barnsnaud.

26Difor skal hans sveinar falla på gatone hans, og alle hermennene skal verta tynte den dagen, segjer Herren, allhers Gud.

29Tjeldi deira og småfeet deira skal dei taka; tjelddukane deira og all bunaden deira og kamelane deira skal dei føra burt med seg, og dei skal ropa til dei: Redsla rundt ikring!

30Fly, røm undan mest de vinn, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, segjer Herren; for Nebukadnesar, Babel-kongen, hev teke ei rådgjerd mot dykk og tenkt ut vondt imot dykk.

35So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, eg bryt sund for Elam hans boge, det likaste våpnet deira.

36Og eg sender mot Elam fire vindar frå dei fire himmelættene og spreider dei for alle desse vindane, og det skal ikkje finnast det folket som ikkje dei burtdrivne frå Elam skal koma til.

37Eg vil gjera elamitane redd for fiendane sine og for dei som stend dei etter livet, og eg vil lata ulukka koma yver dei, min brennande harm, segjer Herren, og eg vil senda sverd etter dei, til eg fær gjort ende på dei.

38Eg vil setja kongsstolen min i Elam, og eg vil rydja ut der både konge og hovdingar, segjer Herren.

39Men i dei siste dagar vil eg gjera ende på Elams utlægd, segjer Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help