Amos 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten ser ei syn til, som varslar at Herren skal tyna heile Israel (dei ti ættene og Juda). Ikkje noko skal kunna berga dei or Herrens hand, for han er den allmektige Gud og heimsdomaren, og Israel hev vorte likt heidningane. Like vel skal det ikkje verta heiltupp tynt; berre den vantruande og ugudlege flokken skal lata livet, men ingen som ottast Gud, skal koma burt, 1-10. Etter domen skal Herren i Messias reisa upp att Davids falne hus, og med han til konge skal Guds folk samlast, heidningane verta upptekne i hans rike, og rik velsigning frå Herren koma yver borgarane i dette riket, 11-15.

1Eg såg at Herren stod attmed altaret, og han sa: Støyt til sulehovudi, so dørstokkane skjelv, og krasa dei, so dei dett ned yver hovudet på alle! Siste leivningen av dei vil eg drepa med sverd; ingen av dei skal koma seg undan, ingen av dei skal berga seg.

2Um dei bryt seg inn i helheim, so skal handi mi henta dei der, og um dei fer upp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå;Sal 139,8

3um dei gøymer seg burt på toppen av Karmel, skal eg leita dei upp og henta dei ned, og um dei løyner seg for mine augo på havsens botn, skal eg mana ormen fram, og han skal bita dei;Ob 1,4; Am 5,19

4um fiendar fangar dei og fører dei burt, skal eg der bjoda sverdet å drepa dei; eg skal setja augo på dei, til ulukka og ikkje til lukka.Jer 44,11

5Og Herren, Israels Gud, allhers Gud, han rører jordi so ho brånar, og alle som bur der, syrgjer, og all jordi hevjar seg som Nilen og fell som Egyptarlands elv,Am 8,8

6han hev bygt sine høgsalar i himmelen og grunnfest sin kvelv yver jordi, han kallar på vatnet i havet og auser det ned yver jordi; Herren er namnet hans.Sal 104,3; Am 5,8

7Er de meir for meg enn etiop-borni, de Israels born? segjer Herren; hev eg ikkje ført Israel upp frå Egyptarlandet og filistarane frå Kaftor og syrarane frå Kir?Jer 47,4

8Sjå, augo åt Herren, Israels Gud, er vende mot dette syndsens rike, og eg vil rydja det ut or verdi; men ikkje heilt vil eg øyda ut Jakobs hus, segjer Herren.Sal 34,17; 1 Pet 3,12

9For sjå, eg byd at Israels ætt skal skakast millom alle folkeslag, liksom ein skjek med eit såld, og ikkje eit korn fell ned på jordi.

10For sverd skal dei døy alle syndarar i mitt folk, dei som segjer: Oss skal ulukka aldri nå, yver oss skal ho aldri koma.Am 6,3

11På den dagen vil eg reisa upp att Davids nedfalne hytta; eg vil mura att sprungone og reisa det som ligg i røys, og byggja henne som ho var i fordoms dagar,Apg 15,16; Jer 24,6; 31,28

12so at dei fær leggja under seg det som er att av Edom, og alle dei heidningfolk som vert kalla med mitt namn, segjer Herren, han som fullfører dette.5 Mos 28,10

13Sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då pløgjaren når skurdmannen, og druvetrakkaren mannen som sår, og på fjelli dryp det med druvesaft, og på haugane fløymer det yver.3 Mos 26,3-13; Joel 3,23

14Då gjer eg ende på fangetidi for Israel, folket mitt; dei skal byggja upp att nedbrotne byar og bu i dei, planta vingardar og drikka deira vin, stella seg hagar og eta deira frukt.5 Mos 30,3; Jer 29,14; Jes 58,12; 61,4; 65,21

15Eg skal planta dei i deira eige land, og dei skal aldri meir verta rykte upp or det landet som eg hev gjeve dei, segjer Herren din Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help