Job 27 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Sidan ingen av venene svarar, held Job ved og talar, 1. Ved Gud, som hev neitta han retten hans, sver han - ein mann som endå hev si fulle åndskraft - at hans vitnemål um seg sjølv er sant; til sitt siste andedrag vil han halda fast på at han er skuldlaus; eit vitnemål um det er at ein ugudleg i si ulukka ikkje kann vona på frelsa, gleda seg i Gud og kalla på han, slik som han gjer, 2-10. Han vil læra venene korleis Gud fer fram mot den ugudlege; det er noko som dei nok hev røynt sjølve, men uretteleg ført yver på han. So skildrar han den usæle lagnaden åt den ugudlege: Borni hans fell for sverdet, svelt i hel eller døyr av pest; det godset han hev hauga i hop, vert teke ifrå han og gjeve til dei rettferdige; sjølv vert han brått burtriven, medan folk spottar han, 11-23.
1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2So sant Gud lever, han som tok min rett ifrå meg, den Allmektige, som valda meg so beisk ei sorg
20Liksom ein flaum skal redslor nå han att, um natti vert han riven burt av stormen.
21Han fer av stad, lyft upp av austanvinden; den blæs han burt frå staden hans.
22Gud sender sine piler mot han utan miskunn; for handi hans flyr han i hast.
23Hædande klappar dei i hender og pip han burt frå staden hans.