1I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, vend andletet mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot han og mot heile Egyptarland!
8Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, eg let sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg både folk og fe.
9Egyptarlandet skal verta til audn og øyda, og dei skal sanna at eg er Herren, for di han sa: Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.
10Sjå, difor kjem eg yver deg og elvane dine og gjer Egyptarland til aude moar, fulle av grushaugar, frå Midgol til Syene og alt til landskilet mot Etiopia.
11Mannefot skal ikkje fara der, og fefot skal ikkje fara der, og det skal liggja ubygt i fyrti år.
12Eg vil gjera Egyptarlandet til ei audn millom aude land, og byane skal liggja i øyde millom øydelagde byar i fyrti år, og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei kringum i landi.
13For so segjer Herren, Israels Gud: Når fyrti år er lidne vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde imillom.
14Eg vil gjera ende på utlægdi for Egyptarland og føra dei attende til Patroslandet, det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike.
15Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata dei verta so få i talet at dei ikkje kann rikja yver folki.
16Og for Israels-lyden skal det aldri meir vera ei livd, som minner meg um deira misgjerning, når dei vender seg til dei, og dei skal sanna at eg er Herren, Israels Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.