1. Kongebok 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten Elias segjer til Akab at det ikkje skal koma dogg eller regn fyrr han segjer det; ramnar kjem til han med mat, 1-7. Sidan fær han lenge sitt upphelde hjå ei enkja i Sarepta; mjølkrukka og oljekrusi hennar vert ikkje tome so lenge han er der, 8-16. Son hennar døyr; Elias vekkjer han til liv att, 17-24.

1Elias frå Tisbe, ein av dei som hadde flutt inn i Gilead, kom ein dag til Akab og sa: So visst som Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: Det skal ikkje koma anten dogg eller regn i desse åri fyrr eg segjer det.Luk 4,25; Jak 5,17

2Då kom Herrens ord til han Elias, og det lydde so:

3Far burt herifrå, taka vegen mot aust og løyn deg attmed Kritbekken austanfor Jordan!

4Du kann drikka av bekken, og eg hev sagt til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.

5So tok han ut og gjorde som Herren hadde sagt; han gjekk til Kritbekken, austanfor Jordan, og der gav han seg til.

6Og ramnane bar brød og kjøt til han um morgonen, og brød og kjøt um kvelden, og han drakk av bekken.

7Men då det leid um ei tid, turka bekken burt, av di det kom ikkje regn i landet.

8Då kom Herrens ord til han, og det lydde so:

9Tak ut og gakk til Sarepta, som høyrer til Sidon, og gjev deg til der! Eg hev sagt til ei enkja som bur der, at ho skal syta for mat til deg.Luk 4,26

10Då tok han i vegen og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkja som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: Kjære deg, henta ein liten grand vatn åt meg i ei skål, so eg fær drikka!

11So ho gjekk og vilde henta vatn åt han; då ropa han etter henne: Kjære, tak med deg eit stykke brød til meg!

12Ho svara: So visst som Herren din Gud lever: Eg eig ikkje so mykje som ei brødskiva; eg hev berre ein neve mjøl i krukka og eit grand olje i krusi, og no gjeng eg her og sankar eit par vedpinnar og vil ganga heim og laga det til åt meg og son min; so vil me eta det og leggja oss til å døy.2 Kong 4,2

13Då sa Elias til henne: Du tarv ikkje ottast; gakk heim og laga det til, som du hev sagt, men baka fyrst eit lite kakebrød av det, og kom ut åt meg med det! Sidan kann du laga til noko åt deg og son din.

14For so segjer Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje trjota i krusi til den dagen kjem då Herren sender regn på jordi.

15Då gjekk ho og gjorde som Elias hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket hennar;

16mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusi - det sanna seg det ordet som Herren hadde havt Elias til å tala.

17Ei tid etter at dette hadde gjenge for seg, bar det so til at son åt denne kona - åt henne som åtte huset - vart sjuk. Og sjukdomen tok han so hardt at um eit bel var det ikkje livsande att i han.

18Då sa ho til Elias: Kva vil du her hjå meg, gudsmann? Du er komen og vil minna meg um synda mi, so guten min skal døy.

19Han svara: Lat meg få son din! So tok han guten or fanget hennar, bar han upp på høgloftet, som han heldt til i, og la han på sengi si.

20So ropa han til Herren og sa: Herre, min Gud! Hev du no og ført ulukka yver denne enkja som eg fær bu hjå, og late son hennar døy?

21Og han tøygde seg tri gonger burtyver barnet og ropa til Herren: Herre, min Gud! Lat sjeli åt dette barnet koma attende til det!2 Kong 4,34; Apg 20,10

22Og Herren høyrde bøni hans Elias - sjeli åt barnet kom attende, so det livna upp att.

23So tok Elias barnet og bar det frå høgloftet og inn i stova og let mori få det att; og han sa: Sjå, son din lever!Luk 7,15; Joh 4,50

24Då sa kona til Elias: No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help