1So segjer Herren: For tri misgjerningar av Moab, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk;Jer 48,1-28
2men eg sender eld imot Moab, han skal øyda slotti i Kerijot; og i hergny skal Moab døy, medan herrop og lurljom skrell;
3eg ryd domaren ut or landet deira, og alle hovdingar der skal eg drepa med han, segjer Herren.
4So segjer Herren: For tri misgjerningar av Juda, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodi hans, men let seg dåra av lygngudane sine, som federne fyrr hadde fylgt;2 Mos 32,1-6; 4 Mos 25,1-9; Dom 2,12-19
5men eg sender eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems slott.
6So segjer Herren: For tri misgjerningar av Israel, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei sel skuldlaus mann for pengar og den fatige for eit par skor,Am 8,6
7dei som helst vil sjå mold på ein stakkars hovud og rengjer retten for spaklyndte folk. Son og far gjeng til same gjenta, til vanhelging for mitt heilage namn.
8På pantsette klæde ligg dei attmed kvart altar, og vin som dei hev teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.2 Mos 22,26-27; 5 Mos 24,12-13
9Og det var då eg som rudde ut amoritane for dei, dei som var høge som sedertre og sterke som eiker, og eg tynte frukti deira ovantil og røtene nedantil;Jos 24,8.11-13
10det var eg som førde dykk upp frå Egyptarland og leidde dykk fram i øydemarki i fyrti år, so de skulde taka Amoritarlandet;5 Mos 8,2-6
11eg vekte profetar bland sønene dykkar, nasirearar bland dykkar ungdomar. Er det ikkje so, de Israels-born? segjer Herren.4 Mos 6,2-21; Dom 13,5
12Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og profetane forbaud de å tala profetord.Dom 13,4.14; Am 7,12-17; Mi 2,6
13Sjå, no skal eg tyngja dykk ned, som ei full-lest kornvogn tyngjer allting ned;
14den snøgge skal ikkje finna livd, og den sterke ikkje få bruka si makt, og kjempa skal ikkje berga sitt liv;Jer 25,35
15bogeskyttaren stend seg ikkje, den lettføtte skal ikkje berga sitt liv, og ikkje ridaren på hesten sin;
16den djervaste bland kjempone lyt røma naken den dagen, segjer Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.