3. Mosebok 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev lover um dei viktigaste helgane: um den sjuande dagen, 1-3, um påskehelgi, 4-14, um pinshelgi, 15-22, um lurhelgi, 23-25, um soningsdagen, 26-32, um lauvhyttehelgi, 33-44.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Tala til Israels-borni og seg til dei: No skal eg nemna dykk Herrens høgtider, dei dagane som de skal kalla folket i hop til eit heilagt møte og halda høgtid for meg:

3Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge; men den sjuande dagen skal vera høgheilag sabbat, med heilagt møte. Då må de ikkje gjera noko arbeid; i alle heimane dykkar skal det vera sabbat for Herren.2 Mos 20,8-11

4Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse:

5Den fjortande dagen i den fyrste månaden, soleglads bel, tek Herrens påskehelg til.2 Mos 12,6.18; 4 Mos 9,2-5; 28,16-25; 5 Mos 16,1-8

6Og den femtande dagen i den same månaden skal de halda usyrdebrødhelgi for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød.2 Mos 12,15; 13,6; 23,15

7Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid,

8og alle dei sju dagane skal de bera fram eldoffer åt Herren; den sjuande dagen skal de og halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då heller.

9Og Herren tala til Moses og sa:

10Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn grøda der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda,

11og han skal svinga det att og fram for Herrens åsyn, so Herren kann hava hugnad i dykk; dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.

12Og same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt lamb som er lytelaust, til brennoffer åt Herren.

13Matofferet som fylgjer med, skal vera tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje - då er det eit eldoffer åt Herren, eit som gjev god ange - og drykkofferet fjordeparten av ein hin vin.

14Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyrr den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.

15Frå den fyrste dagen etter sabbaten, frå den dagen de ber fram kornbandet som skal svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor;2 Mos 23,16; 5 Mos 16,9-12

16femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten, og då skal de bera fram for Herren eit offer av nygrøda.2 Mos 34,22

17Tvo svingingsbrød skal de koma med frå heimane dykkar; i dei skal det vera tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, og dei skal vera syrte; det er eit nygrødeoffer åt Herren.

18Og attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lytelause lamb og ein ung ukse og tvo verar til brennoffer åt Herren, og det matofferet og dei drykkofferi som fylgjer med; det er eit eldoffer til godange for Herren.

19Til syndoffer skal de ofra ein geitebukk og til takkoffer tvo årsgamle lamb;

20dei skal presten svinga att og fram for Herrens åsyn saman med nygrødebrødet og tvo lamb; dei skal vera helga til Herren og høyra presten til.

21Og same dagen skal de kalla folket i hop og halda eit heilagt møte; de må ikkje gjera noko utearbeid den dagen. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar heim.

22Og når de haustar inn grøda i landet dykkar, skal du ikkje skjera kornet heilt utåt åkerreini, og dei aksi som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka upp; du skal etla dei att åt dei fatige og framande; eg er Herren dykkar Gud.3 Mos 19,9-10

23Og Herren tala til Moses og sa:

24Tala til Israels-borni og seg: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte.4 Mos 29,1-6

25Den dagen må de ikkje gjera noko utearbeid, og de skal bera fram eldoffer for Herren.

26Og Herren tala til Moses og sa:

27So den tiande dagen i den same månaden er det soningsdag. Då skal de halda eit heilagt møte, og de skal fasta og bera fram eldoffer for Herren.3 Mos 16,29-34; 4 Mos 29,7-11

28Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid; for det er ein soningsdag; då skal dei gjera soning for dykk framfor åsyni åt Herren dykkar Gud.

29Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.

30Og kvar den som gjer noko arbeid, han vil eg tyna midt ibland folket hans.

31Ikkje det minste grand må de gjera den dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.

32Ein høgheilag sabbat skal det vera for dykk, og de skal fasta; frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild.

33Og Herren tala til Moses og sa:

34Tala til Israels-borni og seg: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.3 Mos 23,40.43; 2 Mos 23,16; 4 Mos 29,12-39; 5 Mos 16,13-15; Neh 8,14-18

35Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid skal de ikkje gjera.

36Sju dagar skal de bera fram eldoffer for Herren; og den åttande dagen skal de halda eit heilagt møte og bera fram eldoffer for Herren. Då er det stor samlingshøgtid, og de må ikkje gjera noko utearbeid.2 Krøn 7,8-12; Joh 7,37

37Dette er dei høgtidene då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram eldoffer for Herren, brennoffer og matoffer, slaktoffer og drykkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til,

38umfram Herrens sabbatar og umfram gåvone dykkar og alle dei offeri de hev lova eller kjem til Herren med av dykk sjølve.

39Men frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar grøda i hus, skal de halda Herrens helg i sju dagar. Den fyrste dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.3 Mos 23,33-44

40Og den fyrste dagen skal de taka fagre frukter og palmegreiner og kvister av lauvrike tre og seljebuskor og gleda dykk for åsyni åt Herren dykkar Gud i sju dagar.Neh 8,14-18

41Soleis skal de kvart år halda helg for Herren i sju dagar; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda den helgi.

42Då skal de bu i lauvhyttor i sju dagar; alle som er fødde og borne i Israel, skal bu i lauvhyttor,

43so etterkomarane dykkar skal vita at eg let Israels-borni bu i lauvhyttor då eg førde dei ut or Egyptarlandet; eg er Herren dykkar Gud.

44Og Moses kunngjorde Herrens høgtider for Israels-folket.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help