Jesaja 57 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Fyrst talar profeten um at dei rettferdige israelitane vert kalla burt i fred, utan at nokon aktar på Herrens fyremål med det: å spara dei for den ulukka som trugar, 1.2; so held han ein straffetale for dei ugudlege og ein trøystetale for dei gudlege israelitane. Dei ugudlege gjer narr av dei gudlege, endå dei sjølve er den fråfalne, uekte luten av folket; dei fer med avgudsdyrking og er fulle av otte for menneske, men utan otte for Herren, og hev vore ihuga til å søkja samband med heidningane; difor skal og Herren heimsøkja dei med harde straffedomar. Derimot skal han miskunna den luten av folket som straffedomane hans hev fenge mykt, føra dei heim att til Sion og gjeva dei fred. I denne freden skal ikkje dei ugudlege hava nokon lut, 3-21.
1Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og gudlege menner vert rivne burt, men ingen ansar at den rettferdige vert riven burt fyrr ulukka kjem.
7På høge og store fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slaktoffer.
9Du drog til kongen med olje, og du kom med mange angande salvar, du sende dine bod langt burt, og du steig djupt ned, radt til helheimen.
20Men dei ugudlege er som det bårande havet; det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjone rotar upp skarn og søyla.