5. Mosebok 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses minner um det som hev hendt Israel sidan dei for frå Kades-Barnea, og til dei vann yver Sihon, kongen i Hesbon, 1-37.

1So vende me oss åt øydemarki og tok vegen til Raudehavet, som Herren hadde sagt til meg, og me for lenge og sveiv kringum Se'irfjelli.5 Mos 1,40; 4 Mos 14,25; 21,4; Dom 11,18

2Då sa Herren til meg:

3Lenge nok hev de reika ikring desse fjelli; tak no leidi mot nord!5 Mos 2,14

4Og til folket skal du segja so: No fer de gjenom riket åt brørne dykkar, Esaus-borni, dom bur i Se'ir, og dei vert redde dykk; men akta dykk vel

5at de ikkje yppar ufred med dei; eg vil ikkje lata dykk få so mykje som ei fotbreidd av landet deira; for Se'irfjelli hev eg gjeve Esau til eigedom.5 Mos 2,22

6Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei, og vatnet de drikk, lyt de og gjeva pengar for.

7For Herren din Gud hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom den store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren din Gud vore med deg, og du hev ingen ting vanta.5 Mos 1,31

8So for me lenger frametter, burt ifrå brorfolket vårt, Esaus-borni, som bur i Se'ir; me tok utav den vegen som gjeng frå Eilat og Esjon-Geber gjenom moane, og heldt fram etter ein annan veg, som bar til Moabøydemarki.

9Og Herren sa til meg: Du skal ikkje trengja deg inn på moabitane og yppa ufred med dei; eg vil ikkje lata deg få noko av landet deira; for Ar hev eg gjeve Lots-borni til eigedom.1 Mos 19,37

10Der budde i gamle dagar emitane, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitane5 Mos 1,28

11og vert liksom dei rekna til kjempefolki; men moabitane kallar dei emitar.

12I Se'ir budde fyrr i tidi horitane; men Esaus-borni dreiv dei burt og øydde dei ut og sette seg ned i staden deira, liksom Israel hev gjort i sitt land, det som Herren hev gjeve dei til eigedom.5 Mos 3,12-20

13Gjer dykk no reiduge og gakk yver Seredåi! So gjekk me yver Seredåi.4 Mos 21,12

14Då var det åtte og tretti år sidan me tok ut frå Kades-Barnea, og heile den ætti, alle våpnføre menner i lægret var burtdøydde, som Herren hadde svore at det skulde ganga dei.5 Mos 1,35

15Herrens hand hadde råma dei, og rive dei burt or lægret, so dei alle var farne.

16Då no alle våpnføre menner i folket var daude og burte,

17då tala Herren til meg og sa:

18No fer du yver Moabs landmerke, gjenom Ar,

19og so ligg vegen din frammed Ammons-borni; men du skal ikkje trengja deg inn på dei og ikkje yppa ufred med dei; eg vil ikkje lata deg få noko av Ammonitarlandet; for det hev eg gjeve burt til Lots-borni.1 Mos 19,38

20Det landet vert og rekna til kjempelandi; fyrr i verdi budde det kjempor der; og ammonitane kallar dei samsummitar.

21Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakitane; men Herren rudde dei ut for Ammons-borni, so dei dreiv dei burt og busette seg i landet deira.

22Det same gjorde han for Esaus-borni, som bur i Se'ir; for dei rudde han ut horitane, so dei dreiv dei burt og busette seg i landet deira, og sidan hev dei butt der til denne dag.

23Like eins gjekk det med avitane, som budde i landsbyane alt burt til Gasa; kaftorarane kom frå Kaftor, og øydde dei ut og tok romet deira.

24Gjer dykk reiduge, far i veg og set yver Arnonåi! Sjå, eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med han!

25Etter denne dag skal det standa otte og redsla av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjete deg, skal bivra og skjelva for deg.

26Frå Kedemotøydemarki sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med fredleg helsing og sa:4 Mos 21,21-35

27Lat meg få fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje taka utav han, korkje til høgre eller vinstre.

28Det eg lyt hava av mat, skal eg kjøpa av deg, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg og leggja pengar for. Lat meg berre fara igjenom på min fot,

29liksom Esau-borni i Se'ir og moabitane i Ar gav meg lov til - so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren vår Gud vil gjeva oss.

30Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren din Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva han i dine hender, som han longe hev gjort.

31Og Herren sa til meg: Sjå, no gjev eg deg makt yver Sihon og landet hans; tak no du til med å slå det under deg, so landet hans vert ditt!

32So for Sihon imot oss til Jahas med alt herfolket sitt og tok på oss.5 Mos 29,7-11

33Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og me hogg han ned, både han og sønene og alt stridsfolket hans.

34Den gongen tok me og alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menner og kvinnor og born; me let ingen vera att aller sleppa undan.

35Men bufeet eigna me til oss, og herfanget i byane som me tok.

36Frå Aroer, som ligg inn med Arnonåi, og frå byen i dalen og radt til Gilead fanst det ikkje ein by med murar som var for høge for oss; Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.

37Men landet åt Ammons-borni let du vera i fred, både det som ligg frammed Jabbokåi og byane i fjelli, og alt det som Herren vår Gud hadde meinka oss å taka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help