1Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne midt i den tjeldbui som David hadde reist åt henne, og so bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn.2 Sam 6,17-23
2Og då David hadde fullført ofringi, lyste han velsigning yver folket i Herrens namn.4 Mos 6,23-27; 1 Kong 8,55
3So skifte han ut åt kvar israelit, både kar og kvinna, ein brødleiv og eit stykke kjøt og ei rosinkaka til manns.
4Sidan sette han nokre av levitane til å gjera tenesta framfor Herrens kista og til å prisa og takka og lova Herren, Israels Gud.
5Asaf var den øvste av dei; næst etter han kom Sakarja og so Je'iel og Semiramot og Jehiel og Mattitja og Eliab og Benaja og Obed-Edom og Je'iel, alle med harpor og citarar. Asaf skulde slå på cymblane,
6og prestane Benaja og Jahasiel skulde jamleg blåsa i lur framfor Guds paktkista.
7Denne same dagen var det David fyrste gongen sette Asaf og brørne hans til å lova Herren med sovorne ord:
8Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk!Sal 105,1-6; Jes 12,4
9Syng for han, syng han lov! Grunda på alle hans under!
10Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå dei som søkjer Herren!
11Spør etter Herren og hans makt, søk hans åsyn alltid!
12Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,5 Mos 26,8
13de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde.
14Han er Herren vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.
15Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
16den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak!1 Mos 15,18; 17,2; 22,16-18; 26,3
17Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt,
18med di han sa: Deg vil eg gjeva Kana'ans land til arvlut,
19då de var ein liten flokk, få og framande der.1 Mos 34,30
20Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk.1 Mos 20,1
21Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot dei, og han refste kongar for deira skuld:1 Mos 12,17
22Rør ikkje dei eg hev salva, og far ikkje ille med mine profetar!1 Mos 20,7
23Syng for Herren, all jordi, forkynn frå dag til dag hans frelsa!Sal 96,1-6
24Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
25For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar.2 Mos 15,11; Sal 86,8
26For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
27Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad.
28Gjev Herren, de folkeætter, gjev Herren æra og makt!Sal 29,1-2
29Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud!
30Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka.Sal 89,12; 102,26
31Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningane: Herren er konge.Sal 97,1
32Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt som på marki er!Sal 96,11-13
33Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og vil døma jordi.
34Prisa Herren! for han er god, hans miskunn varer æveleg.Sal 106,1; 107,1
35Og seg: Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningane, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av di me kann lova deg!Sal 106,47; 79,9
36Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket sa amen og lova Herren.Sal 41,14; 72,18
37So let han Asaf og brørne hans vera att der framfor Herrens paktkista, so dei jamleg skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var skipa for kvar dag.
38Og Obed-Edom og brørne deira, åtte og seksti i talet, Obed-Edom, son åt Jeditun, og Hosa sette han til portvaktarar.
39Sadok, presten, og brørne hans, prestane, let han stogga framfor Herrens tabernakel på haugen i Gibeon,
40so dei jamleg skulde bera fram brennoffer åt Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som stend skrive i Herrens lov, den som han hadde bode Israel å halda.2 Mos 29,38-42; 2 Krøn 13,11; Esra 3,3
41I lag med dei var Heman og Jedutun og dei andre som var utvalde og uppnemnde til å lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.
42Og dei - Heman og Jedutun - hadde hjå seg lurar og cymblar til bruk for dei som skulde spela, og like eins andre spelgogner til songen i gudstenesta. Jedutuns-sønene var portvaktarar.
43Sidan tok alt folket ut att og for kvar til sin heim, og David vende og heim att, vilde helsa på huslyden sin.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.