1Sarai, kona hans Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei terna som var frå Egyptarland og heitte Hagar.
2Og Sarai sa til Abram: Du ser Herren meinka meg born. Kjære deg, gakk inn til terna mi! Kann henda ho fær ein son åt meg. Og Abram lydde rådi hennar Sarai.
12Det verta eit villasen til kar. Hans hand skal vera lyft mot alle, og alle hender mot han; og han skal bu austanfor alle brørne sine.
13Og ho nemnde Herren, som hadde tala med henne, og sa: Du er Gud, den som ser! Og ho sa: Kann det vera råd at eg her hev set skimten av den som ser meg?
14Difor kallar dei den brunnen Lakai Ro'i-brunnen; ho er millom Kades og Bered.
15Og Hagar fekk ein son, og Abram kalla sonen sin som Hagar hadde fenge, Ismael.
16Abram var seks og åtti år gamal då han fekk Ismael med Hagar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.