Hebrearane 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Liksom Melkisedek er større enn Abraham og Levi, soleis er Kristus som prest etter Melkisedeks større enn den levitiske øvstepresten, 1-10. Det same syner seg og i det at Gud fann det naudsynt å skipa til eit nytt prestedøme, endå det levitiske prestedømet var til, 11-14, og like eins i det at Kristus, som hev dette nye prestedømet, er prest i kraft sitt eige guddomlege liv, ikkje berre etter eit bod som segjer at han skal vera det, 15-19. Gud ærar og dette nye prestedømet framfor det gamle, med di han stadfester det me eiden sin, 20-22, og av di han som hev det, Kristus, er udøyeleg, kann han mykje betre fullføra si prestegjerning enn hine gamle øvsteprestane, som laut døy, 23-25. Kristus er i alle måtar ein sovoren øvsteprest som me laut hava, 26-28.
1For denne Melkisedek, konge i Salem og Den Høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongane, og som velsigna han,