1Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels-mennene og vinna riket att for Rehabeam.
15og han sette andre menner til prestar for offerhaugane og for trollbukkane og for dei kalvane som han hadde laga.
16Og med dei fylgde or alle Israelsfylki dei som la sin hug på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og vilde ofra til Herren, sin fedre-Gud.
17Dei styrkte Judariket og trygde kongedømet for Rehabeam Salomoson i tri år; for i tri år heldt dei fram etter same vegen som David og Salomo hadde fylgt.
18Rehabeam tok seg ei kona umfram Mahalat, dotter åt Jerimot Davidsson; det var Abiha'il, dotter åt Eliab Isaison.1 Sam 16,6; 17,13
19Med henne fekk han sønene Je'us og Semarja og Saham.
20Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kona; med henne fekk han Abia og Attai og Sisa og Selomit.1 Kong 14,31
21Rehabeam heldt meir av Ma'aka Absalomsdotter, enn av alle dei hine konone og fylgjekonone sine - for han hadde teke seg attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter -.
22Rehabeam sette Abia, son åt Ma'aka, til hovding og fyrste millom brørne hans; av di han var meint på å gjera han til konge.5 Mos 21,15-16
23Men samstundes for han so visleg åt at han let alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda- og Benjaminslandet - i alle dei faste byane - og sytte for at dei hadde flust til å leva av, og at dei fekk seg ei mengd med konor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.