Jeremia 36 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I fjorde styringsåret åt kong Jojakim set Herren Jeremias til å skriva upp alle spådomane sine alt frå Josias' tid, um han med det kunde få folket til å venda um, 1-3. Profeten fær skrivaren Baruk til å hjelpa seg med dette og let han lesa boki for folket i templet ein fastedag, 4-10. Hovdingane fær vita det, og dei let Baruk koma å lesa upp boki, 11-15. Forstøkte råder dei Baruk og Jeremias til å gøyma seg, og dei gjev kongen melding um saki, 16-20. Han sender ein mann av stad etter boki og let han lesa henne upp, men skjer henne snart sund og kastar henne på elden. Han freistar fåfengt å få tak i Jeremias og Baruk, 21-26. Herren vil at Jeremias skal få spådomane uppskrivne i ei ny bok og forkynna at ingen av Jojakims ætt skal verta konge, han sjølv ikkje koma i grav, og landet verta lagt i øyde, 27-31. Baruk skriv upp dei gamle spådomane ein gong til, og fleire vert lagde attåt, 32.

1I det fjorde året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda kom dette ordet til Jeremias frå Herren:Jer 25,1

2Tak deg ein bokrull og skriv i han alle dei ordi eg hev tala til deg um Israel og Juda og alle heidningefolki frå den dagen eg fyrst tala til deg, frå den tidi Josias rådde, og alt til denne dag!

3Kann henda Judas hus vil merkja seg all den ulukka som eg tenkjer å gjera dei, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva dei deira misgjerning og synd.Jer 26,3; Esek 12,3

4Då kalla Jeremias til seg Baruk, Nerijason, og Baruk skreiv i ein bokrull etter Jeremias' munn alle dei ord som Herren hadde tala til han:Jer 32,12; 45,1

5Og Jeremias tala til Baruk og sa: Eg sjølv er meinka, eg kann ikkje koma i Herrens hus.

6Men gakk du dit og les or rullen som du hev skrive etter min munn, Herrens ord for folket i Herrens hus ein fastedag! Du skal lesa henne for heile Juda og, dei som kjem frå byane sine.

7Kann henda dei kunde leggja si audmjuke bøn fram for Herrens åsyn og venda um, kvar og ein frå sin vonde veg; for stor er den vreiden og harmen som Herren hev truga dette folket med.Jer 26,3

8Og Baruk Nerijason gjorde plent so som profeten Jeremias hadde bede han, og las Herrens ord or boki i Herrens hus.

9For i det femte året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda, i niande månaden, lyste dei på at alt folket i Jerusalem og alt folket som var kome frå Judabyane til Jerusalem, skulde fasta for Herrens åsyn.

10Då las Baruk upp or boki Jeremias' ord i Herrens hus, i koven åt Gemarja Safansson, riksskrivaren, i øvre fyregarden, attmed inngangen til den nye porten i Herrens hus, medan alt folket høyrde på.2 Kong 22,3; Jer 26,10

11Då Mikaja, son åt Gemarja Safansson, høyrde at alle Herrens ord vart upplesne or boki,

12gjekk han ned i kongsgarden, inn i riksskrivar-koven, og der fann han alle hovdingane sitjande: riksskrivaren Elisama og Delaja Sjemajason og Elnatan Akborsson og Gemarja Safansson og Sedekias Hananjason, og alle hine hovdingane.

13Og Mika sa ifrå um alle dei ordi han hadde høyrt då Baruk las upp or boki for folket.

14Då sende alle hovdingane Jehudi, son åt Netanja, son åt Selemja Kusison, til Baruk og sa: Tak med deg rullen som du las upp for folket, og kom hit! Og Baruk Nerijason tok rullen med seg og kom til dei.

15Dei sa til han: Set deg og les han for oss! Og Baruk las for dei.

16Men då dei hadde høyrt alle ordi, såg dei forfærde på kvarandre og sa til Baruk: Me lyt segja frå til kongen um alt dette.

17So spurde dei Baruk: Seg oss korleis du skreiv alle desse ordi etter hans munn!

18Baruk svara: Med sin munn sa han meg alle desse ordi fyre, og eg skreiv dei i boki med blekk.

19Då sa hovdingane til Baruk: Gakk og gøym dykk, du og Jeremias, og lat ingen vita kvar de er!Jer 36,26

20So gjekk dei inn til kongen i fyregarden, men rullen la dei ned i koven åt riksskrivaren Elisama; og dei fortalde alt dette til kongen.

21Då sende kongen Jehudi av stad etter rullen, og han henta han frå koven åt riksskrivaren Elisama. Sidan las Jehudi han upp for kongen og alle hovdingane som stod hjå kongen.

22Kongen sat i vinterhalli - det var i den niande månaden - og det brann eld i ei glodpanna framfor han,

23og då Jehudi hadde lese tri eller fire teigar, skar kongen rullen sund med ein pennekniv og kasta han på elden i glodpanna, til heile rullen var uppbrend i elden der i glodpanna.

24Og dei reddast ikkje og reiv ikkje sund klædi sine, korkje kongen eller nokon av tenarane hans som høyrde desse ordi,2 Kong 22,11

25og endå Elnatan og Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna upp rullen, høyrde han ikkje på dei.

26So bad kongen Jerahme'el, kongssonen, og Seraja, Asrielsson og Selemja Abde'elsson å taka skrivaren Baruk og profeten Jeremias; men Herren løynde dei.Jer 36,19

27Då kom Herrens ord til Jeremias, etter kongen hadde brent upp rullen med dei ordi som Baruk hadde skrive etter Jeremias' munn:

28Tak deg ein annan rull og skriv i han alle dei ordi som stod i den fyrre rullen, den som Jojakim, Juda-kongen, brende upp!

29Og um Jojakim, Juda-kongen, skal du segja: So segjer Herren: Du brende denne rullen og sa: Kvi skreiv du so i han: Babel-kongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut or det folk og fe?

30Difor segjer Herren so um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen ætting hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja burtslengt i heten um dagen og i kulden um natti.Jer 22,19

31Og eg vil heimsøkja han og ætti hans og tenarane hans for deira misgjerning, og eg vil lata koma yver dei og yver Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg hev varsla dei um utan at dei vilde høyra.Jer 35,17

32Då tok Jeremias ein annan rull og gav han til skrivaren Baruk Nerijason, og han skreiv i han etter Jeremias' munn alle ordi i den boki som Jojakim, Juda-kongen, hadde brent upp i elden, og til dei vart det endå lagt mykje av same slaget.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help