Galatarane 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus hevdar framleis at han er ein rett Kristi apostel, jamgod med «dei tolv». Dei som var apostlar fyre han, hadde ikkje teke til motmæle mot læra hans, 1-10, og då Peter hadde vore veik og gjeve etter for nokre jødekristne som kravde at han skulde skilja seg frå dei truande av heidningane, hadde Paulus refst han so alle høyrde på, 11-14. So forsvarar han læra si og vil syna at ho er sann: Dei jødekristne hadde lovi, men hadde gjenge ifrå henne som veg til frelsa og søkt rettferd og frelsa einast ved trui på Kristus. Det vilde då vera urimeleg å tvinga dei truande av heidningane, som ikkje stod under lovi, til å fylgja henne som veg til rettferd, 15-21.
1Fjortan år etter drog eg upp til Jerusalem att med Barnabas og tok Titus og med.