Jesaja 49 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Messias, som er kalla og budd til å vera Herrens tenar, men fåfengt hev arbeidt ibland Israel og vorte vanvyrd og ille medfaren, skal ikkje berre attreisa Israel, men og vera ljos for heidningane og frelsar for verdi og verta høgt upphøgd og æra, 1-7. Han skal løysa ut Guds folk, og under Guds varetekt skal det samlast frå alle land på jordi, so himmel og jord skal fegnast, 8-13. Sion skal sanna at Herren ikkje hev gløymt det, men at han med meir enn morskjærleik miskunnar det og gjer det folkerikt og herleg, 14-23. Israel, som er fanga, skal verta fria or fiendevald, og fiendane skal få si straff, 24-26.
1De øyland, høyr på meg, og lyd etter, de folk langt burte! Herren hev kalla meg frå morslivet, han hev nemnt mitt namn frå morsfanget.
25Ja! For so segjer Herren: Både skal dei taka fangane frå kjempa, og herfanget åt valdsmannen skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa borni dine.