2. Mosebok 34 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etter Herrens fyresegn gjer Moses tvo nye steintavlor og stig upp til Herren med dei; Herren let han få sjå herlegdomen sin, 1-7. Moses bed for folket att. Herren vil nya upp att pakti si med dei; han vil gjera store under for dei, og dei skal halda seg ifrå avgudsdyrking og ikkje gjera samband med kana'anitane, men halda Herrens helgar og lover, 8-26. Herren skriv dei ti bodordi på tavlone, Moses stig ned av fjellet med dei; yver andletet hans ligg eit atterskin av Herrens herlegdom, 27-35.

1So sa Herren til Moses: Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg på dei skriva dei same ordi som stod på dei fyrste tavlone, dei du slo sund.

14Du skal ikkje tilbeda nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.

19Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt bufeet som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.2 Mos 13,2.12-16

20Det fyrste følet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kje, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen må lata seg sjå tomhendes for augo mine.2 Mos 23,15-19

21Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen.2 Mos 20,8-11

22Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne.3 Mos 23,15.34-44; 5 Mos 16,9

23Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Herren, Israels Gud.2 Mos 23,17

24For eg vil driva ut heidningefolki der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren din Gud - tri gonger um året.

25Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt attåt syrt brød, og ikkje må påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen.2 Mos 23,18

26Det allerfyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølki åt mor si.2 Mos 23,19; 5 Mos 26,1-15

27Og Herren sa til Moses: Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi hev eg gjort ei pakt med deg og med Israel.2 Mos 34,10

28Han var der hjå Herren fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv paktordi, dei ti bodordi, på tavlone.2 Mos 24,18; 34,1; 5 Mos 4,13

29So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo vitnemålstavlone i handi, og då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans av di at Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje.

30Og Aron og Israels-borni såg at det skein av andletet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt han.

31Då ropa Moses på dei, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden til han, og Moses tala med dei.

32Sidan kom alle Israels-borni burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve han på Sinaifjellet.

33Og då Moses hadde sagt dei alt han skulde, la han eit slør for andletet sitt.2 Kor 3,7.13

34Men når han gjekk inn for Herrens åsyn og skulde tala med han, tok han sløret burt, til han skulde ut att; og når han kom ut, tala han til Israels-borni det han var fyresagd.

35Då såg Israels-borni korleis det stråla av andletet hans Moses, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help