2. Mosebok 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses skal krevja ei reida av folket, 1-9; av den skal han gjera paktkista, 10-16, og nådestolen, 17-22, og skodebrød-bordet, 23-30, og ljosestaken, 31-39, alt etter eit bilete som Gud syner han, 40.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Seg til Israels-borni at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.

6olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og den angande røykjelsen,

7onykssteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.

17So skal du gjera ein nådestol av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.

18På båe endane av nådestolen skal vera tvo kjerubar; dei skal du gjera av drive gull.

19Den eine kjeruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med nådestolen skal de gjera kjerubane, ein på kvar ende.

20Kjerubane skal halda vengene utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver nådestolen med vengene sine, og andleti deira skal snu imot einannan; dei skal vende augo mot nådestolen.

22Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver nådestolen millom båe kjerubane som er på vitnemålskista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg bod med Israels-borni.

40Sjå no til at du fær gjort dette etter det biletet som vart synt deg på fjellet!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help