1For alt dette hev eg lagt meg på hjarta, og eg hev freista å grunda ut alt dette: at dei rettferdige og dei vise og deira verk er i Guds hand; um det er kjærleik eller hat, veit ingen mann; alt kann dei venta seg.
2I alle måtar fær dei same ferdi som alle andre; den same lagnaden råkar den rettferdige og den ugudlege, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar; det gjeng på same vis med den gode som med syndaren, med den som sver, som med den som er redd å sverja.
3Det er det som er det leide med alt som hender under soli, at alle fær same lagnaden, og so er og hjarta åt mannsborni fullt av det som vondt er, og dei ber vitløysa i hjarta sitt so lenge dei lever, og sidan lyt dei av til dei daude;Fork 1,11; 2,16; 8,10-11
4for kven er det vel som slepp det? For alle dei som lever, er det von; for ein levande hund er betre enn ei daud løva;
5for dei levande veit at dei skal døy, men dei daude veit ingen ting, og dei fær ikkje lenger nokor løn, for minnet um dei er gløymt.Sal 31,13
6Både kjærleiken deira og hatet og æresykja er det slutt med for lenge sidan, og aldri meir fær dei hava noko med det som hender under soli.
7So et då ditt brød med gleda og drikk med godt mod din vin! For Gud hev longe godkjent det du gjer.Fork 2,24.26; 3,12.22; 5,17-18; 8,15
8Lat klædi dine stødt vera kvite, og lat det ikkje vanta olje på hovudet ditt!
9Njot livet med ei kona som du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv, som Herren hev gjeve deg under soli, alle dine fåfengde dagar! For det er din lut i livet og i strevet ditt som du mødest med under soli.Ordt 5,18; 31,10-31; Fork 3,22
10Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera! For det finst korkje arbeid eller klokskap eller kunnskap eller visdom i helheimen, som du gjeng til.
11Framleides såg eg under soli at det ikkje er visst at dei lettføtte vinn i skeidet, eller at kjempone sigrar i striden, eller at dei vise kann få seg brød, eller at dei vituge kann vinna seg rikdom eller dei kloke manntekkje; for tid og lagnad møter dei alle.Fork 3,1-8; 8,5-6; Ordt 16,9; Rom 9,16
12For menneskja kjenner likso lite si tid som fiskane som vert fanga i ulukke-garnet, eller fuglane som vert fanga i snara; liksom dei vert mannsborni fanga i ustundi, når ho brått kjem yver dei.
13I dette og såg eg visdom under soli, og stor tykte eg han var:
14Det var ein liten by, og få folk hadde han. So kom det ein stor konge mot han og kringsette han og bygde store vollar mot han.
15Men det fanst der i byen ein fatig vismann, og han berga byen med visdomen sin; og ikkje eit menneske hadde kome i hug denne fatige mannen.2 Sam 20,16
16Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvyrder fatigmanns visdom, og dei høyrer ikkje på det han segjer.
17Vismanna-ord som ein høyrer i ro, er betre enn hovdings rop millom dårar.
18Visdom er betre enn våpen, men EIN syndar kann tyna mykje godt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.