Johannes' openberring 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Eit dyr med sju hovud og ti horn, som stig upp or havet, fær stor makt av draken, talar spottord, vinn yver dei heilage, forfører mange, men skal få si løn, 1-10. Eit anna dyr stig upp or jordi, gjer teikn og forfører mange til å tilbeda det fyrste dyret; mange tek merket åt dyret; talet åt dyret, 11-18.

1Og eg såg eit dyr stiga upp or havet, det hadde ti horn og sju hovud, og på horni sine ti krunor, og på hovudi sine spottings-namn.Dan 7,7; Op 11,7; 17,3.9.12

2Og dyret som eg såg, var likt ein leopard, og føtene på det var som på ein bjørn, og gapet som eit løvegap; og draken gav det si kraft og sin kongsstol og stor makt.Op 12,9; 2,13

3Og eg såg eit av hovudi på det liksom såra til ulivs; og ulivssåret vart lækt, og all jordi undrast og fylgde etter dyret;

4og dei tilbad draken, for di han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: Kven er lik dyret, og kven kann strida mot det?Op 18,18

5Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i tvo og fyrti månader.Dan 7,8.11.25; 11,36; Op 11,2; 12,6

6Og det opna munnen sin til spottingar mot Gud, til å spotta hans namn og hans bustad, dei som bur i himmelen.Op 16,9.11

7Og det vart det gjeve å føra strid mot dei heilage og vinna på dei, og det fekk makt yver kvar ætt og kvar landslyd og kvart tungemål og kvart folk.Op 11,7; Dan 7,21.23

8Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje, frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slakta.Op 3,5; 17,8; 20,12; 1 Pet 1,20

9Dersom nokon hev øyra, so høyre han!

10Um nokon fører i fengsel, han skal i fengsel; um nokon drep med sverd, han skal drepast med sverd, Her er tolmodet og trui åt dei heilage.Op 11,18; Jes 33,1; Matt 26,52; 1 Mos 9,6; Op 18,6; 14,12

11Og eg såg eit anna dyr stiga upp or jordi, og det hadde tvo horn liksom eit lamb, og tala som ein drake.Matt 7,15; 24,11.24

12Og det brukar heile makti åt det fyrste dyret for augo på det, og gjer at jordi og dei som bur på henne, tilbed det fyrste dyret, som ulivssåret vart lækt på.

13Og det gjer store teikn, so det endå fær eld til å falla ned frå himmelen på jordi for augo på menneski.Matt 24,24; 2 Tess 2,9; Op 16,14

14Og det dårar dei som bur på jordi, for dei teikni skuld som det hev fenge makt til å gjera for augo på dyret, med di det segjer til dei som bur på jordi, at dei skal gjera eit bilete åt det dyret som fekk såret av sverdet og vart i live.

15Og det fekk makt til å gjeva dyrebiletet livsande, so dyrebiletet jamvel kunde tala, og gjera so at alle dei som ikkje vilde tilbeda dyrebiletet, skulde drepast.Op 14,11; 19,20

16Og det gjer at alle, både små og store, rike og fatige, frie og trælar, fær eit merke på høgre handi eller på panna si,

17og at ingen kann kjøpa eller selja utan den som hev merket, namnet på dyret eller talet for dette namnet.Op 14,9.11

18Her er det visdomen, Den som hev vit, han rekne ut talet til dyret! for det er talet for eit menneske, og talet for det er seks hundrad og seks og seksti.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help