Ordtaka 27 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kor uviss framtidi er, 1; mot sjølvros, 2; um vreide og ovund, 3.4, ekte og skrymta kjærleik, 5.6.14; den mette og den svoltne, 7; um den heimlause, 8; um vener, 9.10; visdom og varsemd, 11.12; um å borga for andre, 13; trettekjær kvinna, 15.16; kva gagn ein hev av umgjenge med andre, 17; ein trugen tenar, 18; det eine mennesket kjenner seg att i det andre, 19; augo vert ikkje mette, 20; korleis ein mann vert røynd, 21; dåren vert ikkje betre, 22; vitug umsut for buskapen, 23-27.

1Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva dagen ber i fang!

15Si-drop frå taket ein regndag og ei trettekjær kvinna likjest kvarandre.Ordt 19,13; 25,24

16Den som held på henne, held på vind, og høgre handi hans triv i olje.

17Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.

18Den som aktar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, og den som er vyrk for herren sin, fær æra.

19Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet, so finn det eine mennesket sitt hjarta att hjå hitt.

20Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskeaugo fær aldri nok.Ordt 30,16; Fork 1,8

21Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd etter det han rosar.Ordt 17,3

22Um du støyter dåren i morteren med støytaren i hop med gryni, so vik ikkje dårskapen frå han for det.

23Du bør vita grant korleis sauene dine ser ut; syt vel for buskapen din!

24For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.1 Tim 6,7

25Når høyet er burte, og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,

26då hev du lamb til klæde og bukkar til å kjøpa deg åker for,

27og nøgdi av geitemjølk hev du til mat for deg og ditt hus og til livsupphald for gjentone dine.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help