Sefanja 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten skildrar syndelivet og ubotferdigskapen i Jerusalem, serleg hjå førarane åt folket, og det trass i dei tallause og klåre vitnemål som Herren både i ord og gjerning hev bore fram um si rettferd og sitt hat til syndi, 1-7. Difor vil Herren senda ein stor straffedom yver alle folk; det skal dei truande venta på, for di Herren med det vil umvenda heidningane og siden bruka dei umvende heidningane til å føra sitt folk attende til seg; so skal det av alle folkeslag på jordi og av Israels leivning verta ein heilag lyd, og Herren, Israels konge, vil bu midt i lyden, til frelsa, frygd og helging for han, 8-20.

1Usæl han, den trassige og ureine, byen som er so full av vald!

2Han høyrer ikkje på røysti åt nokon, tek ikkje tukt. På Herren lit han ikkje, til sin Gud held han seg ikkje nær.

3Hovdingane der inne er burande løver, domarane er som ulvar um kvelden; dei leiver inkje til morgondagen.

8Difor, bia på meg, segjer Herren, på den dagen eg ris upp og vil taka herfang! For det er min dom at eg samlar heidningfolk og stemner saman kongerike, renner ut harmen min yver dei, all min brennande vreide; for elden av min brennhug skal øyda heile jordi.

13Israels leivning skal ikkje gjera urett; dei skal ikkje tala lygn, og det skal ikkje finnast svikfull tunga i deira munn; for dei skal beita og liggja i ro, utan at nokon skræmer dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help