1Ein song til høgtidsferdene; av David. / Glad vart eg då dei sa til meg: Me vil ganga til Herrens hus.
2Våre føter stend i dine portar, Jerusalem.
3Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop,Sal 48,13-14
4der ættene fer upp, Herrens ætter, etter lovi for Israel, til å prisa Herrens namn.2 Mos 23,17
5For der er domarstolar sette, stolar for Davids hus.5 Mos 17,8-13
6Bed um fred for Jerusalem! Det gange dei vel som elskar deg!
7Fred vere innanfor din voll og ro i dine salar!
8For mine brør og vener skuld vil eg segja: Fred vere i deg!
9For Herrens, vår Guds hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.