1Dei tri mennene svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.
2Då loga harmen upp hjå Elihu - han var frå Bus og var son åt Barak'el, av Rams-ætti. Job vart han harm på, av di han meinte um seg sjølv at han var rettferdig for Gud,
3og dei tri venene hans harmast han på, av di dei ikkje fann noko svar og endå dømde Job skuldig.
4Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han.
5Då no Elihu såg at dei tri mennene ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.
6So tok då Elihu Barak'elsson frå Bus til ords og sa: Ung er eg etter år å rekna, de derimot er gamle menn; difor heldt eg meg undan og var redd å koma fram for dykk med det eg veit.
7Eg tenkte: Alderen lyt tala, dei mange år forkynna visdom.Job 12,12
8Men det er åndi i eit menneske og anden ifrå den Allmektige som gjev det vit.Ordt 2,6; 1 Mos 41,39; Dan 1,17
9Dei gamle er 'kje alltid vise, kvithærde skynar ikkje stødt kva som er rett.Sal 119,100
10Og difor segjer eg: Høyr no på meg! Eg og vil koma fram med det eg veit.
11Eg venta på dei ord de skulde segja, eg lydde etter vitug tale frå dykk, medan de grunda ut dei rette ordi.
12Ja, nøgje gav eg akt på dykk; men det var ingen av dykk som sa Job imot, ingen som svara på hans ord.
13Seg ikkje: Me hev funne visdom hjå han; Gud, ikkje noko menneske, kann vinna med han.
14Mot meg hev han då ikkje tala, og eg vil ikkje svara han med dykkar ord.
15Dei er forstøkte, svarar ikkje meir; ordi hev vorte burte for dei.
16Skal eg venta, av di dei ikkje talar, av di dei stend og ikkje svarar meir?
17Eg og vil svara, eg for meg; eg og vil fram med det eg veit.
18For eg er full av ord til svar, i bringa sprengjer åndi på.Jer 20,9
19Mitt indre er som innstengd vin; som nyleg fyllte hitar vil det rivna.
20No vil eg tala, so eg kann få luft, no vil eg opna lippone og svara.
21Eg tek ikkje parti for nokon, og ikkje smeikjer eg for noko menneske;
22for smeikja kann eg ikkje med; elles reiv snart skaparen meg burt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.