1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få søner og døtter på denne staden.
3For so segjer Herren um dei sønene og døtterne som vert fødde på denne staden, og um møderne som føder dei, og um federne som avlar dei i dette landet:
4Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver dei, og ingen skal jorda dei; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.Jer 8,2; 9,22; 14,16
5For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga av stad og barma deg med dei og ikkje syna dei medkjensla; for eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.Jes 48,22
6Og dei skal døy, store og små, i dette landet; ingen skal jorda dei, og ingen skal barma seg yver dei eller rispa seg i holdet eller raka seg snaude i kruna for deira skuld.Jer 41,5; Mi 1,16
7Og ingen skal brjota brød åt dei til trøyst i sorgi etter ein avliden, og ingen skal gjeva nokon trøystestaupet å drikka når han hev mist far sin eller mor si.Esek 24,17
8I gjestebodshus skal du ikkje heller ganga og sitja der og eta og drikka.
9For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå, framfor dykkar augo og i dykkar dagar let eg på denne staden kverva burt fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur.Jer 7,34; 25,10
10Når du då kunngjer for dette folket alle desse ordi, og dei segjer til deg: Kvi hev Herren varsla all denne store ulukka yver oss, kva er misgjerningi vår, kva er syndi vår som me hev gjort mot Herren vår Gud?Jer 5,19
11då skal du segja til dei: For di federne dykkar vende seg frå meg, segjer Herren, og fylgde andre gudar og tente dei og tilbad dei, men vende seg ifrå meg og ikkje heldt mi lov,
12og de for verre åt enn federne dykkar, de som alle saman fylgjer dykkar vonde, harde hjarta og ikkje høyrer på meg,
13difor vil eg kasta dykk ut or dette landet, burt til eit land som de ikkje kjenner, korkje de eller federne dykkar, og der skal de tena andre gudar dag og natt; for eg vil ikkje gjeva dykk nåde.Jer 5,19; 5 Mos 4,28; 28,36.64
14Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja: So visst som Herren lever, han som førde Israels-borni ut or Egyptarlandet,Jer 23,7-8
15men: So visst Herren lever, han som førde Israels-borni ut or landet i nord og ut or alle dei landi som han hadde drive dei burt til. Og eg vil føra dei heim att til landet deira, det som eg gav federne deira.
16Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, segjer Herren, og dei skal fiska dei; og sidan sender eg bod etter mange veidemenner, og dei skal veida dei burt frå kvart eit fjell og kvar ein haug og frå bergskortone.Hab 1,14-17; Klag 4,19; 5,5
17For eg held auga med alle vegane deira; dei er ikkje løynde for mi åsyn, og deira misgjerning er ikkje duld for mine augo.Jer 23,24; 32,19; Hebr 4,13; Sal 90,8
18Fyrst vil eg då lata dei bøta tvifelt for deira misgjerning og synd, av di dei vanhelga landet mitt med dei daude skrottane av styggetingi sine og fyllte odelsjordi mi med ufyseskapen sin.Jer 2,7
19Herre, min styrke og mi sterke vern og mi livd på naudar-dagen! Til deg skal heidningfolk koma frå endane av jordi og segja: Berre lygn fekk federne våre i arv, falske gudar, gagnløysor alle saman.Sal 18,2-3; 46,2; Jer 3,17; Jes 2,2-4; Mi 4,1-5; Sak 8,20-23
20Skal mannen gjera seg gudar? Slikt er då ikkje gudar.Jer 10,3; Jes 40,19; 44,9-20
21Sjå, difor let eg dei denne gongen kjenna, ja, eg let dei kjenna mi hand og mitt velde, so dei skal få vita at namnet mitt er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.