2. Mosebok 36 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Besalel og Oholiab og dei andre kunstnarane fær gåvone frå folket hjå Moses, 1-7. Av dei lagar dei åklædevevene (til veggene) og ryone (til tekkja), 8-19, plankane med stabbar og tverrstenger, 20-34, forhenget med dørteppet, 35-38.

1Og Besalel og Oholiab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei skyna seg på alt arbeidet som laut til når heilagdomen skulde gjerast ferdig, dei gjorde i alle måtar so som Herren hadde sagt.2 Mos 31,2.6; 35,30-35

2For Moses kalla Besalel og Oholiab og alle hage menner som hadde fenge kunstnargåva frå Herren, alle som hugen dreiv, til å taka fat på verket og fullføra det.

3Og dei fekk hjå Moses heile den reida som Israels-borni hadde bore fram til det arbeidet som laut gjerast so heilagdomen kunde verta ferdig. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til han kvar morgon.

4Og alle dei meistrane som stod fyre alt arbeidet på heilagdomen, kom ein for ein til Moses frå arbeidet sitt,

5og sa: Folket kjem med mykje meir enn me treng til det verket som Herren vil ha gjort.

6Då let Moses ropa ut yver heile lægret: Anten det er mann eller kvinna, so tarv ingen syta for fleire gåver til heilagdomen. So let folket vera å koma med meir.

7Men det vyrket som var frambore, var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast.

8So tok då alle dei hagaste handverkarane til å arbeida på tabernaklet. Dei gjorde det av ti åklædevever av fint tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull, og i dei var det innvove kjerubar i kunstvevnad.2 Mos 26,1-37

9Kvar vev var åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle vevene heldt same målet.

10Fem av vevene skøytte dei i hop til eit teppe, og like eins dei hine fem vevene.

11I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine teppet, gjorde dei lykkjor av blå ull, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre teppet.

12Femti lykkjor sette dei på den fyrste veven og femti lykkjor i jaren på den som høyrde til det andre teppet, soleis at lykkjone svara mot kvarandre.

13Og femti gullkrokar gjorde dei og hekta åklædeteppi i hop med, so det vart eitt hus av dei.

14So vov dei ryor av geiteragg til tekkja yver tabernaklet; elleve sovorne ryor vov dei.

15Kvar vev var tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve vevene heldt same målet.

16Fem av ryevevene skøytte dei i hop til eit teppe for seg, og dei hine seks til eit anna teppe.

17I jaren på den fyrste veven i det eine teppet gjorde dei femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.

18Og femti koparkrokar gjorde dei til å festa raggeteppi i hop med, so det vart eit tak av dei.

19Sidan gjorde dei eit tak av raudleta verskinn til å leggja yver raggeteppi og eit tak av takasskinn til å leggja ovanpå det att.

20So gjorde dei plankane åt tabernaklet. Dei var av akasietre og vart reist på ende.

21Ti alner lange var dei og halvonnor aln breide,

22og på kvar planke var der tvo tappar med ei tverrlist imillom. So gjorde dei med alle plankane i tabernaklet.

23Tjuge av dei plankane som dei gjorde til tabernaklet, reiste dei på solsida, sudsida.

24Og fyrti sylvstabbar gjorde dei til å setja under desse tjuge plankane, tvo stabbar under kvar planke, so båe tappane kunne festast i dei.

25Til den andre sida av tabernaklet, nordsida, gjorde dei og tjuge plankar

26med sine sylvstabbar, tvo til kvar planke.

27Til baksida av tabernaklet, vestsida, gjorde dei seks plankar,

28og til hyrno på den same sida, tvo plankar;

29dei var tviluta alt nedantil, og båe lutene held fullt mål heilt upp åt taket til den fyrste ringen. So gjorde dei med båe tvo, i båe hyrno.

30Soleis kom det på baksida åtte plankar med sine sylvstabbar, sekstan sylvstabbar, tvo til kvar planke.

31So gjorde dei tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av tabernaklet,

32fem til plankane på den andre sida, og fem til plankane på baksida av tabernaklet, mot vest.

33Og midtstongi laga dei so at ho gjekk tvert yver frå ende til ende, midt etter plankeveggen.

34Plankane klædde dei med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skulde liggja i, gjorde dei heiltupp av gull. Tverrstengene klædde dei og med gull.

35So gjorde dei forhenget. Det var av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn; kjerubar vov dei inn i, i kunstvevnad.

36Dei gjorde fire akasiestolpar til å hengja det på og klædde dei med gull; hakane på dei var av gull. Og dei støypte fire sylvstabbar til dei.

37Til tjelddøri gjorde dei eit teppe av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Det var utsauma med rosor;

38dei gjorde fem stolpar til det, med hakane som høyrde attåt, og klædde stolpehovudi og teinane med gull. Dei fem stabbane som høyrde til, gjorde dei av kopar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help