5. Mosebok 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Når folket fær lagt Kana'ans-landet under seg, so må dei ikkje tenkja at det var deira eigi rettferd skuld, men av di kana'anitane var so gudlause, og av di Gud vilde halda sitt ord, 1-6; dei skal koma i hug kor tidt dei hev arga Herren og vore verde at han skulde gjera ende på dei, og korleis Moses bad for dei ved Horeb, 7-29.

1Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, og som hev store byar med murar som når radt til himmels,5 Mos 1,28

2eit stort kjempefolk, Anaks-sønene, som du sjølv kjenner, og som du sjølv hev høyrt det ordet um: Kven kann standa seg mot Anaks-sønene?4 Mos 13,33

3So skal du då vita i dag at Herren din Gud, han som gjeng fyre deg som ein øydande eld, han skal tyna dei, og han skal gjera dei mjuke for deg, so du snart fær driva dei burt og gjort ende på dei, soleis som Herren hev sagt deg.5 Mos 4,24

4Men når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje tenkja som so: For di eg er god og rettvis, hev Herren ført meg inn i dette landet og gjeve meg det. Nei, Herren driv desse heidningane ut for deg for di dei er gudlause.1 Mos 15,16; 3 Mos 18,24-30

5Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdig og ærleg, at du kjem inn i landet deira og fær det, men for di desse heidningane er gudlause, driv Herren din Gud dei ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.1 Mos 22,16-19; 26,3-6

6So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren din Gud gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.5 Mos 31,27; 2 Mos 32,9

7Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren din Gud i øydemarki! Alt ifrå den dagen du for frå Egyptarlandet, og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren.2 Mos 14,11; 15,24; 16,2; 17,2; 4 Mos 11,4-9; 25,1-9; Sal 95,10

8Alt attmed Horeb arga de Herren, so han vart harm på dykk og vilde gjera ende på dykk.2 Mos 32,1-6

9Det var den gongen eg gjekk upp på fjellet og skulde taka imot steintavlone, dei som Herrens pakt med dykk var skrivi på; då var eg på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter og smaka korkje mat eller drikka.2 Mos 24,18

10Og Herren gav meg dei tvo steintavlone; dei hadde Gud sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei ordi som Herren hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden den dagen de var samla der.

11Då dei fyrti jamdøgri var lidne, gav Herren meg dei tvo steintavlone, pakt-tavlone,

12og sa til meg: Skunda deg ned att! Folket ditt, som du førde ut or Egyptarland, hev bore seg stygt åt; det var ikkje lenge fyrr dei tok utav den vegen eg sa dei skulde fylgja; dei hev støypt seg eit gudebilete.2 Mos 32,7-14

13Eg hev halde auga med dette folket, sa Herren, og set at det er eit hardkynt folk.

14Lat no meg råda, so vil eg gjera ende på dei og strjuka ut namnet deira so det ikkje finst meir under himmelen, so vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.

15So snudde eg meg og gjekk ned av fjellet, og fjellet stod i ljos loge; og dei tvo pakt-tavlone bar eg i hendene.

16Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og støypt dykk ein gullkalv; de hadde vore snøgge til å taka utav den vegen Herren sa de skulde fylgja.

17So tok eg og kasta båe tavlone or hendene og slo dei sund for augo dykkar.

18Og eg kasta meg ned for Herrens åsyn, liksom fyrre gongen, og låg der i fyrti dagar og fyrti næter og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk og gjort det som vondt var i Herrens augo, so han vart harm.2 Mos 34,28

19For eg ottast Herren var vorten so harm og vond på dykk at han vilde gjera ende på dykk. Og Herren høyrde bøni mi den gongen og.

20Aron og var Herren fælande harm på og vilde tyna han; men eg bad for Aron og den gongen.

21Men syndeverket dykkar, kalven som de hadde laga, tok eg og kasta på elden og kruste han og mulde han sund, so han vart til dust, og dusti kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.2 Mos 32,20

22I Tabera og Massa og Kibrot-Hatta'ava harma de og Herren.2 Mos 17,7; 4 Mos 11,3.34

23Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sa: Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk! då var de ulydige mot Herren dykkar Gud og leit ikkje på han og høyrde ikkje på det han sa.4 Mos 13,3; 14,1-10

24Ulydige mot Herren hev de vore so lenge eg hev kjent dykk.5 Mos 9,7

25So låg eg då på kne for Herrens åsyn alle dei fyrti dagane og nætene som de veit; for han hadde sagt at han vilde tyna dykk.5 Mos 9,18

26Og eg bad til Herren og sa: Herre, Herre, gjer ikkje ende på ditt eige folk, som du fria ut med di store makt og leidde ut or Egyptarland med sterk hand!

27Kom i hug tenarane dine, Abraham og Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor hardt og gudlaust og syndigt det er, dette folket!

28Elles kunne dei segja so som i det landet du hev ført oss utor: Herren var ikkje god til å føra dei inn i det landet han hadde lova dei, og han hata dei og; difor førde han dei ut i øydemarki og let dei døy der.4 Mos 14,16

29Dei er då ditt eige folk, som du hev leidt ut med di store makt og din sterke arm.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help