Sakarja 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten skodar i ei syn fire horn og fire smedar som skal hogga horni av - eit bilete på at dei heimsriki som hatar Guds folk, skal missa si makt, 1-4. I ei onnor syn ser han ein mann som er på veg til Jerusalem og skal mæla kor stort det skal verta - eit bilete på at Jerusalem skal vera folkerikt og vera verna av Herren, 5-9. Dei jødane som hev vorte att i Babel, vert uppmoda til å røma snøgt derifrå; for no vil Herren heimsøkja Babel og gjeva lika for det som det hev gjort mot folket hans, 10-13. Herrens folk skal frygda seg, for Herren vil koma og bu hjå dei, og mange heidningar skal venda um til han - spådomar som peikar mot Messias og hev vorte uppfyllte i og med han, 14-17.
1So lyfte eg augo mine og fekk sjå fire horn.
2Då spurde eg engelen som tala med meg: Kva er dette? Og han sa til meg: Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.