1Sidan synte Herren seg for han i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbui si midt på heitaste dagen.
2Som han såg upp og skoda utyver, fekk han sjå tri menner som stod framfyre han. Med same han vart var dei, sprang han imot dei frå tjelddøri og bøygde seg nedåt jordi
3og sa: Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innom åt tenaren din!
11Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det.
12Difor lo Sara med seg sjølv og tenkte: Skulde eg få hug, endå so gamal og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!1 Mos 17,17; 1 Pet 3,6
13Då sa Herren til Abraham: Kvifor lær Sara og tenkjer: Kann dette vera sant at eg skal eiga barn, eg som er so gamal?
14Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års dette bel kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.Jer 32,17.27; Luk 1,37
15Men Sara neitta og sa: Eg lo ikkje. For ho var redd. Då sa han: Jau, du lo.
16So gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med dei; han vilde fylgja dei på vegen.
17Då sa Herren: Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera,
18Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i han.1 Mos 12,3
19For til det hev eg valt han ut at han skal segja til borni sine og til huset sitt etter seg at dei skal halda seg etter Herrens vegar og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.5 Mos 6,7
20Og Herren sa: Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjeleg, og syndene deira dei er ovleg svære.1 Mos 13,13; Esek 16,48-50
21No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so vil eg vita det.
22So snudde mennene seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren.
23Og Abraham gjekk innåt og sa: Vil du verkeleg riva burt dei rettvise saman med dei gudlause?
24Um det no er femti rettvise menner i byen? Vil du då riva dei burt og ikkje spara byen for deira skuld?
25Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng den rettvise like eins som den gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han rett!Sal 7,9; Rom 3,6; Joh 5,27; Apg 17,31
26Då sa Herren: Finn eg i Sodoma femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.
27Abraham tok til ords att og sa: Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske.
28Um det no vanta fem på dei femti rettvise mennene? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld? Og han svara: Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja han.
29Og Abraham heldt på og tala til han og sa. Um det no finst fyrti? Og han svara: Eg skal ikkje gjera det - for dei fyrti skuld.
30Då sa Abraham: Herren må ikkje verta vreid um eg talar! Um det no finst tretti -? Og han svara: Eg skal ikkje gjera det so sant eg finn tretti.
31Då sa Abraham: Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren! Um det no finst tjuge -? Og han svara: Eg skal ikkje øydeleggja byen - for dei tjuge skuld.
32Då sa Abraham: Herren må ikkje verta vreid um eg talar berre denne eine gongen til! Um det berre finst ti -? Og han svara: Eg skal ikkje øydeleggja han - for dei ti skuld.
33So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.