1. Samuelsbok 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David kjem til Jonatan og klagar si naud for han, 1-3. Han let David fara til Betlehem og talar av med han at han tridje dagen deretter skal løyna seg på marki; medan vil Jonatan granska huglaget åt faren og so varsla David med teikn; han nyar uppatt pakti med David, 4-23. Etter han hev fenge vita kor harm faren er på David, varslar han David og skilst frå han med stor sorg, 24-43.

1No rømde David frå Nevajot ved Rama og kom og sa ope og endefram til Jonatan: Kva hev eg gjort? Kva brot og kva synd hev eg gjort mot far din, sidan han vil taka livet mitt?

2Jonatan svara: Nei visst skal du ikkje missa livet! Du veit far gjer aldri noko, korkje stort eller smått, utan han let meg vita det. Kvifor skulde han då dylja dette for meg? Nei, det er ikkje so.

3Men David svara med ein eid: Far din veit alt for vel at du hev godvilje for meg. Difor tenkjer han som so: Dette må ikkje Jonatan få vita; han kunde tykkja det vondt. Men so visst som Herren lever, og so visst som du sjølv er i live: Det er berre eit steg millom meg og dauden.

4Då sa Jonatan til David: Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.

5David svara: I morgon veit du det er nymåne-dagen. Då skulde eg med retten sitja til bords med kongen. Men gjev no du meg heimlov, so vil eg løyna meg ute på marki til i yvermorgon kveld.

15Og aldri vil du lata ætti mi missa godviljen din, jamvel når Herren gjer ende på Davids fiendar og ryd dei ut av jordi alle som ein.

16So gjorde Jonatan ei pakt med Davids hus og sa: Herren take hemn yver Davids fiendar!

20So skal eg skjota tri piler frammed der, liksom eg skaut til måls.

21Då veit du eg sender sveinen min av stad til å finna pilene. Segjer eg so til sveinen: Sjå, pilene ligg hitanfor deg! Tak dei! - so kom du fram! For då kann du vera trygg; det stend ingen ting på, so visst som Herren lever.

22Men segjer eg til guten: Sjå, pilene ligg burtanfor deg! - so tak ut! For då vil Herren at du skal fara burt.

23Men det som me hev tala um, eg og du, det er Herren vitne på; han er vitne millom meg og deg i all æva.

24So løynde David seg ute på marki. Då nymåne-dagen kom, og dei skulde halda måltid, sette kongen seg til bords.

25Han sat der han var van å sitja, i høgsætet uppmed veggen. Jonatan reiste seg, og Abner sette seg ved sida av Saul; men romet åt David var tomt.

26Saul gat ikkje noko den dagen; han tenkte: Det hev vel hendt han eitkvart, so han ikkje er rein; - nei, han er nok ikkje rein.

27Men då romet åt David stod tomt andre dagen og - dagen etter nyet - då sa Saul til Jonatan, son sin: Kvi hev ikkje Isai-sonen kome til måltidi korkje i går eller i dag?

28Jonatan svara: David naudbad meg at han måtte få fara til Betlehem;

29han sa: Kjære, gjev meg lov til å fara! For ætti vår held ei offerhøgtid der i byen, og bror min hev sjølv sagt meg til. Hev du nokon godvilje for meg, so gjer vel og slepp meg heim, so eg kann få helsa på brørne mine! Soleis hev det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.

30Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: Du son til ei tuktlaus og stridig kvinna! Var det ikkje det eg visste at du held av Isai-sonen - til skam for deg sjølv og til skam for blygsli åt mor di!

31For so lenge Isai-sonen er til på jordi, stend korkje du eller kongedømet ditt på fast grunn. Send no folk og henta han hit til meg - han skal døy!

32Jonatan svara: Kvifor skal han døy? Kva hev han gjort?

42Og Jonatan sa til David: Far din veg i fred! Det som me tvo svor i Herrens namn då me sa: Herren vere vitne millom meg og deg og millom mi ætt og di ætt i all æva.

43So tok David ut og for sin veg; men Jonatan gjekk inn i byen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help