Salmane 19 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David skildar korleis himmelen, serleg soli, stendigt forkynner Guds æra utyver heile jordi, 2-7, og talar so um lovi som denne herlege Gud hev gjeve - ho er den åndelege soli - og skildrar hennar herlege eigenskapar og kraftige verknader, 8-11. Skal han få den løni som er lova den som held lovi, lyt Herren døma han fri for synder han hev gjort seg uvitande, og vara han so han ikkje syndar i framtidi, 12-14. Han sluttar med bøn um at Herren i godvilje vil taka imot det han hev bore fram her, 15. / I det at himmelen forkynner Guds æra utyver heile jordi, ligg ein lovnad um at evangeliet skal verta kunngjort i heile verdi (Rom 10,18).

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Himlane fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.

5Ut yver all jordi gjeng deira mælesnor, og til heimsens ende deira ord. Åt soli hev han sett eit tjeld på dei. /

6Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sin kove, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.

7Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av han, og ingen ting er duld for hennar hete.

8Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjeli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.Sal 119,104-105.130; 2 Tim 3,15-16

9Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.

10Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens lover er sanning, dei er rettferdige alle saman.

11Dei er kostelegare enn gull, ja fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja honning som dryp or vokskakone.Sal 119,72.103.127

12Din tenar vert ogso påmint ved dei; den som held dei, hev stor løn.3 Mos 18,5; 26,3-12; Sal 106,3

13Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!

14Haldt og din tenar frå skamlege synder, lat dei ikkje få makt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for store misgjerningar.Sal 119,133

15Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help