Salmane 99 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren vitnar korleis Herren i sitt rike vil syna seg som ein stor og upphøgd konge, og at folki skal prisa han av di han er ei sterk og rettferdig vern for sin lyd, og uppmodar lyden til å lova og tilbeda han, 1-5. På nytt lag uppmodar han lyden til det, med di han minner um det inderlege samlaget som det var millom Herren og dei heilage mennene i gamletidi, 6-9. - Salmen inneheld ein spådom um Kristi kongedøme.

1Herren hev vorte konge, folki skjelv, han som tronar yver kjerubar, jordi ristest.Sal 93,1; 80,2; 2 Sam 6,2

2Herren er stor i Sion, og upphøgd er han yver alle folki.Sal 48,2

3Dei skal prisa ditt namn, det store og skræmelege; heilag er han.Sal 96,4

4Og i sin styrke elskar kongen rettferd; du hev grunnfest rettvisa, du hev gjort rett og rettferd i Jakob.Jes 9,7

5Høglova Herren vår Gud, og fall ned for hans fotskammel! Heilag er han.1 Krøn 28,2; Sal 132,7

6Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom dei som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara dei.2 Mos 8,12-13; 32,11-14; 1 Sam 7,9

7I ein skystolpe tala han til dei; dei heldt hans vitnemål og den lov han gav dei.2 Mos 33,9.11

8Herre vår Gud, du svara dei; du var dei ein Gud som tilgav dei, men og ein hemnar yver deira gjerningar.

9Høglova Herren vår Gud, og fall ned for hans heilage fjell! For heilag er Herren vår Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help