4. Mosebok 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren byd at Israels-borni skal senda alle spillsjuke og ureine ut or lægret, 1-4, og segjer fyre korleis folk skal gjera lika for det dei hev teke frå andre, 5-8, kva som skal høyra presten til, 9.10, og kva dei skal gjera med ei kvinna som mannen mistrur for utruskap, 11-31.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Seg til Israels-borni at dei skal senda alle spillsjuke ut or lægret, og alle som hev flod, og alle som hev vorte ureine av lik.3 Mos 13,46

3Anten det er menner eller kvinnor, so skal de hava dei burt; ut or lægret skal de senda dei, so dei ikkje skal gjera lægret deira ureint, der eg bur midt imillom dei.4 Mos 35,34

4Og Israels-borni gjorde so og sende dei ut or lægret. Som Herren hadde sagt til Moses, so gjorde Israels-borni.

5Og Herren tala til Moses og sa:

6Seg til Israels-borni: Når ein mann eller ei kvinna gjer ei eller onnor synd og er utrue mot Herren, so dei fører skuld yver seg,

7so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman og endå leggja attåt femteparten av verdet; dei skal gjeva det til den dei hev synda i mot.3 Mos 5,15-16.21-24; Sal 32,5; Ordt 28,13

8Lever han ikkje lenger, og finst det ingen kravsmann etter han, som dei kann greida ut boti til, so skal den boti dei lyt leggja, gjevast til Herren og høyra presten til, umfram soningsveren, som skal ofrast til soning for dei.

9Og alle reidor, alt det som Israels-borni helgar og kjem til presten med, skal vera hans.

10Alt det som folk helgar, skal han hava; det dei gjev presten skal høyra han til.

11Og Herren tala til Moses og sa:

12Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ei kona kjem på avveg og er utru mot mannen sin,

13og ein annan mann ligg hjå henne, men mannen hennar ikkje veit um det, av di ho hev skjemt seg ut i løyndom, og der ikkje er noko vitne mot henne, og ingen hev kome yver henne,

14og det so kjem ei åbryskaps-ånd yver han, so han mistrur kona si, og ho verkeleg hev skjemt seg ut, eller åbryskaps-åndi kjem yver han, so han mistrur kona si, endå ho ikkje hev skjemt seg ut,

15so skal mannen taka kona med seg til presten og hava med ei offergåva for henne; det skal vera tiandeparten av ein efa byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-matoffer, eit minnings-matoffer, som skal minna um eit brot.3 Mos 5,11

16Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn.

17Han skal henta heilagt vatn i ei leirskål og taka noko av dusti som er på golvet i tabernaklet, og hava uppi vatnet,

18og når han hev leidt kvinna fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minnings-matofferet i hendene - eit åbryskaps-matoffer er det - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar forbanning.

19So skal presten lata kvinna gjera eiden og segja til henne: So sant ingen hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar forbanning.

20Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg

21- no skal presten lesa upp forbannings-eiden for kona og segja til henne: - so skal Herren gjera deg til ei forbanning og ein eid hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna,Jer 24,9; 42,18

22og dette vatnet som valdar forbanning, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar. Og kvinna skal segja: Amen! Amen!

23Sidan skal presten skriva desse forbanningane upp på eit blad og tvo dei av i det vonde vatnet;

24so skal han lata kvinna drikka det vonde vatnet som valdar forbanning, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk.

25So skal presten taka åbryskaps-matofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn og bera det fram åt altaret;

26og han skal taka ein neve av matofferet til minningsoffer og brenna det på altaret. Og når han hev gjeve kvinna vatnet, og ho hev drukke det,

27då skal det henda at dersom ho hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og den kvinna skal verta til ei forbanning hjå folket sitt.

28Men er ho rein og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd.

29Dette de lovi um åbryskap: Når ei kvinna er utru mot mannen sin og skjemmer seg ut,

30eller når det kjem ei åbryskaps-ånd yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kvinna fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne alt det som er sagt i denne lovi.

31Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna lyt lida for brotet sitt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help