Jesaja 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten klagar på Israel, av di det hev vore utakksamt og falle frå Herren, 2-4, og held ved og syndar, endå det mest er tynt av dei straffedomane det hev drege på seg, 5-9. Folket held nok lovbodi um offer og høgtider, men driv samstundes på med syndene sine; difor er denne falske gudsdyrkingi ein styggedom for Herren, som krev umvending og rettferd, 10-17. Herren vil føra folket attende til seg: difor byd han det forlating for syndene, i fall det vil venda um; elles lyt det ganga til grunns, 18-20. Men det hev falle so djupt at Herren ikkje kann få det attende til seg med mildskap, 21-23; difor vil han bruka ein hard straffedom, som vert til undergang for dei ugudlege, 24-31.
1Dette er dei syner som Esaias, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda.